Die Norweger durch deutsche Augen
- eine Untersuchung von Stereotypen und Fremdbildern in nicht-literarischen Texten und unter deutschen Ansässigen in Norwegen
Hovudoppgåve i tysk av Kjell Heggvold Ullestad
NTNU 2005
100 sider
SAMANDRAG (→ auf Deutsch lesen)
Die Norweger durch deutsche Augen er hovudoppgåva mi i tysk, som eg leverte ved NTNU i 2005. Oppgåva prøver å identifisera stereotypiar som er viktige i det biletet tyskarar har av nordmenn, og å skildra det framandbiletet desse stereotypiane dannar. Eit framandbilete er i denne samanhengen eit så omfattande bilete som mogleg av ein nasjon.
Oppgåva har tre hovuddelar. I den fyrste delen ser eg på tidlegare studiar om temaet og teoriar om nasjonale karakteristikkar og framandbilete. To teoriar står sentralt: Joep Leersens grammatikk for nasjonale karakteristikkar og Ulf Hedetoft si inndeling i fiendtlege, venlege og eksotiske framandbilete.
Den andre delen tar for seg stereotypiar i tysk reiselitteratur frå dei siste 200 åra, frå Leopold von Buch si reiseskildring Reise durch Norwegen und Lappland (1810) til tidsskriftet GEO Special si utgåve om Noreg i 2003. Fleire andre kjelder blir òg trekte inn. Gjennom teksttudiene identifiserer eg fire sentrale stereotypiar som går igjen og synes å vera stabile over tid:
• Den naturbundne nordmannen
• Den patriotiske nordmannen
• Den gammaldagse nordmannen
• Den kollektivistiske nordmannen
Den siste delen er ei intervjuunderøking blant ti tyskarar som budde i Noreg då eg jobba med oppgåva. Intervjuobjekta vektla òg stereotypiane om den naturbundne og den patriotiske nordmannen. I tillegg var to andre stereotypiar sentrale i intervjua:
• Den inneslutta nordmannen
• Den avslappa nordmannen
Til slutt blir desse stereotypiane sett inn i dei teoretiske rammeverka til Leersen og Hedetoft, og eg konkluderer med at det tyske framandbiletet av nordmenn hovudsakeleg er venleg og eksotisk.
Rettleiarar i arbeidet med oppgåva var prof. Bernd Neumann og Nils Arne Ree.