«OK, det er ei fin kyrkje.» Slik uttrykker ein fransk turist si reserverte begeistring for gamlekyrkja i Årdal i Ryfylke i gjesteboka. Ei gjestebok avslører ikkje berre kven som har besøkt kyrkja, men òg kva tankar dei har gjort seg om kyrkja, religion, historie og kjærleik.
Mange opplever aldri så små kriser i møte med ei gjestebok, anten det er i eit museum eller i hytta til onkel og tante. Kva skal ein skriva? Trass gode forsett endar ein gjerne opp med det enklaste: namn og heimstad.
Nokre driv det lenger, og ei gjestebok kan såleis vera underhaldande lesing med eit forbausande mangfaldig innhald. Helsingane i gjesteboka i Årdal gamle kyrkje spriker i alle retningar, men likevel er det mogleg å dela dei inn i grupper etter tema. Naturlegvis dominerer kommentarane om sjølve kyrkja, men òg dei varierer.
VARIERANDE GRAD AV BEUNDRING
Ikkje alle er like reserverte som franskmannen eg siterte innleiingsvis. Tyske Dieter synes at det var «ei svært fin kyrkje med ein herleg ro». Marianne frå Frankrike slår fast at kyrkja er «ein skatt verd å vakta», mens Inger kort og god oppsummerer synfaringa slik: «Eg blei heilt mållaus.» Mange blir fengsla av dekorasjonane på vegger og tak, og frå belgiske Martine kjem det spørsmålet ingen kan svara sikkert på: «Kven var målaren?»
Det slår ein at særleg mange franskmenn skriv meir enn berre namnet i gjesteboka. Kanskje røper Yvonne-Sophie årsaken til det når ho skriv at «denne kyrkja liknar ikkje dei franske». Samstundes er kanskje grunnen til at få britar kjenner seg kalla til å skriva helsingar, at Årdal gamle kyrkje rett og slett «liknar Walton church» og dermed ikkje er så fascinerande?
Ikkje alle har ei like analytisk tilnærming til bygget. Me kan meir enn ana tradisjonelt, vestlandsk ferievêr bak erfaringane til franske Jean når han skriv at kyrkja er «ein guddomeleg stad å flykta i regn og snøstorm». Anne, også ho frå Frankrike, er inne på det same og peiker på at kyrkja ikkje kan vera for varm om vinteren. Truleg har Jean og Anne hatt det på same måten som familiane Charles og Bournier, som «oppdagar Noreg med all sin sjarm – bortsett frå sola».
Her kan det òg passa å ta med eit par andre synspunkt på Noreg og nordmenn. Fyrst litt fransk ros: «Dette landet er fantastisk.» Så ein fransk peikefinger: «Hei, me dukker opp frå den djupe avgrunnen for å skapa uorden og anarki i dette alt for displinerte landet. Leve revolusjonen.»

Årdal gamle kyrkje. Foto: Kjell H. Ullestad
TRU OG KJÆRLEIK
Ein annan kategori helsingar som lett lar seg skilja ut, er dei religiøse. «Alle mine bilete er hjå Jesus, og dei bryt fram i Andens glede», skriv ein norsk gjest, mens Mary og Louis frå USA utbryt: «Ein kan sjå Guds hand her inne.» Av og til treff ein òg på oppfordringar som denne frå ein nordmann: «1. Kor. 13,7. Les...»
Franske Fleur er av dei som lar trua koma til kjenne i gjesteboka. «Her har folk dødd og reist til Paradis med deg, Sigerherre», skriv ho. Det religiøse standpunktet kjem òg til uttrykk gjennom den usignerte «Jesus er ein dritt».
Som ein overgang til neste kategori kan Torunn si helsing passa: «Love story: Jesus loves you.» Ein finn nemleg mange kjærleikserklæringar i gjesteboka i gamlekyrkja. Frå dei enkle, som «I love NN» og eit namn med hjarte rundt, til Marc sin kvilelause kjærleikslengt: «Ein franskmann på leit etter seg sjølv fordi han elskar ei norsk jente. Må Gud gi han løysinga, slik at han kan få total fred i hjartet og bli omgitt av lykke.» Eit nederlandsk par fortel på si side at dei godt kunne tenka seg å gifta seg i Årdalskyrkja.
PILGRIMANE
Ein stor del av turistane i gamlekyrkja er «pilgrimar». Det vil seia at dei har ei personleg eller familiær tilknyting til ho. Maren, Aud og Martha illustererer dette godt: «Me var her og leitte etter tipp-oldemor Svadberg sin plass og fekk prøva han.» Skikken med namn på benkane slår mange, og Mr. og Mrs. Sorenson frå USA fekk ei overrasking: «Me såg Sørensen skrive på ein benk – utruleg!» Benken dei fann namnet sitt på, er ikkje kva benk som helst – det er prestestolen. Som omvisar møtte eg for øvrig ei gong ei dame som kom for å sjå kyrkja som mange-gonger-tipp-oldefaren hennar ein gong eigde.
Mange besøkande byrjar å mimra om bardomsopplevinger og anna når dei stig inn i kyrkja. Nokre mimrar om då dei besøkte kyrkja mens dei var på feriekoloni i bygda for nokre tiår sidan og lot seg skremma av historier om bjørneskinnet som låg i kyrkja. Herbjørn, derimot, minnest ein som mintest: «Gamle Severin fortalde ofte om sine år i Årdal kyrkje, særleg om tida då han som liten gut sat og såg på englane i taket på julaftan.»
HISTORIA SOM SIT I VEGGANE (OG PÅ TAKET)
Herbjørn sitt minne om gamle Severin minner oss òg om at gamlekyrkja er ein nøkkel til vår eiga historie. Ein franskmann seier at å gå inn i kyrkja var som å trenga inn i eit anna århundre. Me lar Wenche og Frode få utdjupa: «Med ei viss ærefrykt gjekk me rundt her og undra oss over korleis samfunnet var for 3-400 år sidan. Den som kunne gjera eit lite hopp i tida og vore med på vigslingsgudstenesta i denne kyrkja.»
Johannes frå DDR set søkelyset på nyare historie under sitt besøk den 17. mai 1990: «Gud skaper vår i naturen år etter år. Men også hjå oss i Aust-Europa blir ein vinter løfta bort. Ein menneskeleg vinter. Takk Gud. Som medlem i ei besøksgruppe på 17. mai kan eg vera i denne kyrkja og sjå at Guds kyrkjer rekk over dei menneskelege tårna i historia.»
Dei gamle tømmerveggane i Årdal gamle kyrkje får tydelegvis turistane til å tenka på ulikt, frå andelege emne og historie til vêret og kjærleiken. La meg til slutt ta med ei høgst kvardagsleg problemstilling som fekk signaturen TORO til å klø seg i håret der han stod og betrakta «kyrkja under tre tak»:
«Korleis har dei godmodige, gamle, små mennene fått dei store steinane opp på taket?»