Elfstedentocht - den nederlandske skøytedraumen

<< Tilbake
«Eg beklagar av heile mitt hjarte,» har nettop Henk Kroes annonsert i alle tenkjelege massemedier i Nederland, «men slik forholda er no, er det ikkje forsvarleg å arrangera løpet.» Det er ein januardag i 1996, og 17000 skøyteløparar er i ferd med å få draumen knust. Igjen.


Det handlar om Elfstedentocht – Ellevebyarsløpet – eit skøyteløp gjennom 11 byar på kanalane i den nordlegaste provinsen, Frisland. Ellevebyarsløpet er ei årleg unnskulding for å gå av skaftet for nederlendarane, og for ein del utlendingar. Nordmenn har Holmenkollrennet, engelskmenn har cupfinalen, og amerikanarane har Super Bowl. Nederlenderane har Ellevebyarsløpet. I alle fall av og til.

For det 200 km lange løpet blir ikkje arrangert kvart år. Det trengst sjølvsagt is, sterk is, som kan bera 17000 skøyteløparar. Kanalane er ikkje djupe, ofte berre 2-3 meter, og derfor kan ein skøyta på dei alt etter eit par frostnetter. Og ved synet av frosne kanalar begynner nederlendarane å drøyma om Ellevebyarsløpet. Dei følgjer kvar minste meteorologiske endring og vurderer sjansen for eit nytt skøyteeventyr.

Etter to veker med konstant frost og løfte om fortsatt kulde, var håpet sterkt i år. Så sterkt at ein drøymde om start alt i morgon. Men så viste det seg at isen på dei frisiske kanalane ikkje var sterk nok, i det minste ikkje over alt. Og derfor tør ikkje skøyteklubben «Elleve frisiske byar», med Kroes i spissen, å invitera til skøytefest. Ikkje ennå.

Kroes understreka at det dreide seg om ei utsetjing, ikkje ei avlysing, men la til at «sjansen for løp ikkje blir større utover i februar.» Det ser dermed ut som tusenvis av skøyteløparar nok ein gong har trent fånyttes i månadsvis for ein draum om skøyting gjennom dei frisiske byane. Ein draum som stadig går i knas.

45 år gamle Rein Jonker er ein av dei. «Kvart år går eg ut ifrå at det blir løp. Det er inspirasjonen – derfor held eg ut slitet.» Stakkars Rein. Han har tatt feil i ti år. Det siste Ellevebyarsløpet fann stad i 1986, og Rein blei nummer to – etter nær sju timars skøyting. Den utgåva var den største av løpet til no: 17200 deltakarar. Av desse fullførte 15000 dei 200 kilometrane.



Elfstedentocht 1956
Foto: Joop van Bilsen / anefo (Creative-commons: CC0)


Løpet i år blir eventuelt det 15. i rekka. Det første løpet var allereie i 1909, då sju av 23 startande kom i mål. Men alt 19 år tidlegare gjekk W.H.J. Mulier gjennom dei elleve byane i Frisland på skøyter. Historia til Ellevebyarsløpet er full av heltar – både vinnarar og taparar. Reinier Paping, vinnaren av den 12. utgåva i 1963, er ein av dei største.

Det var det første løpet på sju år, og utan tvil det tøffaste så langt. Isen var dårleg og gradestokken viste 20 minus, og berre 129 av 9862 kom i mål. For Paping varte marerittet i 11 timar.

Men kven vil utsetja seg for slike lidingar? Kven trenar og trenar i år etter år for eit løp som kanskje ikkje ein gong blir arrangert? Og kven tar sjansen på det som er ennå verre: Å få vita to dagar før at løpet du har drøymt om i årevis går av stabelen akkurat den dagen du er på forretningsreise i Japan? Det er mange av dei. Svært mange. Men «berre» 17000 får delta.

Det er talet på medlemmer i skøyteklubben «Elleve frisiske byar», og det er faktisk berre desse som kan delta. Men ikkje alle medlemmene stiller opp, og derfor opnar ein dørene for 3000 «potensielle deltakarar», og desse plassane blir utlodda blant 9000 kandidatar. Med tanke på at Ellevebyarsløpet sjeldan blir arrangert, er eventyret altså temmeleg eksklusivt. I tillegg til dette talet skal det rett nok også leggjast til eit ukjent tal med ikkje-påmelde løparar som deltar inkognito.

Av dei 17000 løpararane er berre 300 med i konkurranseklassen. Dei fleste nyt den 20 mil lange skøyteturen i gjennom det alltid vindfulle Frisland. Ikkje alle førebur seg like godt til løpet, og ein skal ikkje forventa at gamle går like fort som unge. Maksimaltida er 24 timar, ikkje 11 dagar, slik ein mann trudde då han ringde arrangøren for å få informasjon om løpet. Ein annan lurte på om hunden kunne vera med. «Ja,» var svaret, «viss han kan gå på skøyter.»

Forutan dei 17000 deltakarane omfattar løpet fleire tusen tilskodarar. Mange av desse reiser gjennom heile landet for å stå på kanalbruene og heia på sjølvpinarane.

For nederlenderane elskar skøyter. På kvar einaste kanal – i by og bygd – går kvinner og menn i alderen 2-90 på skøyter i helgene, og i vekene viss dei kan. Dei fleste av desse nøyer seg med å ha på oransje genser, hatt og ansiktsmaling og synga så taket i skøytehallen i Herenveen løftar seg under internasjonale skøytemesterskap. Andre deltar i desse mesterskapa og blir heltar med sigrar og rekordar.

Resten sluttar aldri å førebu seg til Ellevebyarsløpet, som har hatt pause i 10 år. Men éin gong skjer det igjen. Om eitt, tre eller ni år. Eller om fem dagar. Lat oss håpa det siste – for Rein Jonker og alle dei andre som har tatt feil så ofte.

EPILOG (2022)
Det blei ikkje noko Ellevebyarsløp i 1996, men i 1997 - elleve år etter sist løp - gjekk den 15. utgåva av stapelen. Sidan har mildvêr sett ein stoppar for eventyret, og det betyr at Rein Jonker har førebudd seg forgjeves i 25 år no - om han då ikkje ga opp før han blei 70 ...

	

(c) Kjell H. Ullestad, 1996/2022