Ein liten hyllest til Bømlo

<< Tilbake
Bømlingen har det godt. Han veit det, og han nyt det. I det vesle øyriket midt mellom Stavanger og Bergen har dei det meste: sjø og skog, industri og fiske, kanalar og gullgruver, kabelferje og ufo-ring. Eg budde to år på Bømlo på midten av 1990-talet, og denne hyllesten til plassen og folket er vel unt.


Ennå kan eg framkalla levande bilete av den fyrste gongen eg kom dit. Det var i august, sola skein gloheitt frå blå himmel, og eg og far stod på ferjedekket på veg inn mot Mosterhamn og diskuterte kva ein person frå Bømlo skulle kallast. Bømlemann? Bømlitt? Bømling? Idyllen var fullkomen også på dei smale, svingete vegane innover til kommunesenteret Svortland - eller Bremnes, som det heitte då - der eg skulle bu.

Svortland var ikkje idyllisk. Her hadde kommunearkitektane fått frie hender til både å byggja og å asfaltera etter innfallsmetoden. I tillegg hadde dei snudd heile sentrum speilvendt og bak-fram. Den overdimensjonerte parkeringsplassen var lagt ned mot Storavatnet, medan benkar og bord var plassert på oppsida, med riksvegen som blikkfang.

Men tre veker etter ankomst hadde eg ennå ikkje sett ei sky på himmelen, og då vestlandshausten sette inn, hadde eg alt konstatert at Bømlo er full av perler, og at Svortland var eit unntak. Ja, sjølv Mosterhamn var faktisk relativt kjedeleg.

Bømlo kan nytast på mange måtar. Mange føretrekk pålandsperspektivet, men trass i at eg budde der to år, har eg ennå knapt nok vore i båt ved Bømlo. Men ein ekte landkrabbe treng ikkje båt, og dessutan er eg veldig glad i frålandsperspektivet. Derfor blei det mykje bil, sykkel og føter. Det fungerer fint det òg, for vegane og stiane er mange. Og alle er like smale og svingete som dei er kuperte. Men rundt svingen og over bakketoppen dukkar det alltid opp ei pittoresk bukt med eit gammalt trehus.

Bømlingen (ja, det var svaret på diskusjonen på Valevågferja) veit at han bur på ein fin stad. Derfor stod bøkene om Bømlo og Sunnhordland under "religion" i bokhandelen, og derfor var han skeptisk til fastlandssambandet fyrst og framst fordi det gjorde det lettare for kven-som-helst å koma til paradiset hans. På den andre sida er han nok litt i villreie om kva som gjer Bømlo eigenarta. Han mistar liksom litt oversikta, for der er så mykje.

Han viser gjerne fram A4-attraksjonane Moster kyrkje og Siggjo, den høgaste toppen i øyriket. Sjølv føretrakk eg å kjøra nordover over flotte bruer, gjennom små grender og rundt små viker ytterst i havgapet, der berget er kalt. Der rusla eg opp på Brandasundsåta, som ragar berre 70 meter over sjøen, men som likevel gir eit eventyrleg panorama over heile øyriket, store delar av Sunnhordland og langt utover Nordsjøen.

Ein dag gjenoppdagar nok dei innfødde gullgruveområdet på Lykling òg. Eit vakrare og sårare monument over knuste draumar og håp enn dei perforerte åssidene og overgrodde ruinane skal ein leita lenge etter.

Såvel bømlingen som Unesco og utanomjordiske vesen har oppdaga det isolerte og billause eks-fiskeveret Espevær. Kabelferja er ein artig raritet, ufo-ringen eit mystisk fenomen og husa grensar til å vera nasjonalromantiske klisjéar. Og då kaféverten heldt ope berre for meg og gjesten min og serverte fårikål og rømmegraut, medan ein gammal mann gleid sakte forbi i ei jolle utan annan bagasje enn eit fiskesnøre og ein transistorradio, melde eg meg ut av 1990-talet for ei lita stund.

Han har det som sagt godt, bømlingen, der han sit i jolla og duppar på fjorden. Han trivst i naturen, og er forbausande aktiv trass sin gjennomsnittleg høge alder. Han mosjonerer mykje og tilbring store delar av livet i løypa opp til Siggjo. Han går eller spring gjerne den same, genuint kjedelege "fjellturen" opptil 4-5 gonger til dagen. Men på laurdagen spring han ikkje på Siggjo, for då står han i tippekø. For det har han råd til.

I alle fall hadde han det i siste halvdel a 90-talet, då fiske-, olje- og båtmotorindustrien hadde gitt kommunal velstand, og kommunal velstand gav nye skular, idrettsanlegg og eit spinndyrt, majestetisk veganlegg til dei to husa i Brandasund. Det einaste som mangla då eg reiste frå øyene, var kulturhus. Men det var dei skuld i sjølv - noko måtte jo bømlingane òg krangla om.

	

(c) Kjell H. Ullestad, 2006