Praha - Budapest på sykkel 2007

<< Tilbake
Den 20. september 2007 sette eg, Olaf Husby og Inge Arnesen kursen for Praha med syklane våre. Neste morgon sette me oss på syklane og starta turen mot Budapest. Det blei ein fantastisk tur. Mykje fin sykling og mykje både å sjå og oppleva. Inge måtte dessverre snu i Bratislava på grunn av jobben, men eg og Olaf kom i mål i Budapest den 28. september, etter ei veke og 675 km på tsjekkiske, austerrikske, slovakiske og ungarske landevegar. Her er korte referat frå dei ulike etappane, til hjelp for andre som tenkjer på å ta den same turen.


Dag 1: PRAHA - VLAŠIM, ca. 80 km
Før avreise frå Noreg hadde me reservert rom på Hostel Týn i kort gangavstand frå det gamle torget. Reserveringa blei visstnok aldri registrert, men dei hadde heldigvis ledige senger. Standarden var enkel, men heilt grei, og dei hadde plass til å låsa inn syklane. Det var òg kort veg til konditori og frukost.

Den fyrste natta på turen sov me på Hostel Týn eit par hundre meter frå det gamle torget i Praha. Standarden var grei, men dei hadde ikkje frukosttilbod, så dagen starta med ein ekskursjon til eit konditori rundt hjørnet. Etter å ha ete og pakka ferdig, drog me frå ungdomsherberget kl. 10, og dermed var sykkelturen i gang. Den fyrste etappen blei rett nok kort, i og med at eg gjerne ville ha med meg den jødiske gravlunden før me drog frå byen.

Me fulgte elva Moldau ut av sentrum før me tok diagonalt over ein ås slik at me kom inn på riksveg 603. Det var ikkje vanskeleg å manøvrera seg ut av byen, men det gjekk sakte pga. trafikken. Den fyrste mila til me var på 603 og kunne leggja i veg for alvor, tok omtrent ein time.Derifrå gjekk det radig i lett, småkuppert terreng og godver i retning Benešov. Trafikken avtok ganske raskt etter at me kom ut av byen, noko som overraska meg positivt.

7 km frå Benešov førte derimot 603 inn på ein motorveg, og me blei litt rådville. Me prøvde å spørja eit par innfødde som gjerne ville hjelpa, men som berre kunne tsjekkisk og russisk. Til slutt fann me likevel ei løysing, nemleg å ta veg 109 gjennom Vranov. Dette var ein 15 km lang omveg med ganske lange stigningar, men det tok me med godt humør fordi landskapet på denne strekninga var fenomenalt med fine smågrender og utsikt over grøne dalar. Denne "strafferunden" var utvilsamt høgdepunktet på etappen.

Etter omlag fire timar kom me til Benešov der me sette oss i sola og åt gatekjøkkenlunsjen vår. Dei 20 siste kilometrane til Vlašim langs riksveg 112 gjekk utan problem, men dei var òg litt kjedelege. Terrenget var flatt og det var ikkje så mykje å sjå. Rein transport, med andre ord. Då me kom fram til Vlašim begynte derimot kampen for å finna Hotel Vorlina, som me hadde sikta oss inn på. Olaf hadde eit kart over byen, men me tok av for tidleg, og så var det gjort. Heller ikkje innbyggjarane her var særleg kunnige i vesteuropeiske språk, og dermed blei det peiking og "tam!" (= der). Til slutt kom me fram til hotellet, som sjølvsagt låg på det høgaste punktet i byen, og for å koma dit tok me det absolutt brattaste vegalternativet.

På hotellet var dei overlukkelege for å få gjester, og prisen for eitt enkelt- og eitt dobbeltrom inkl. frukost var greie 50 euro. Det var restaurant på hotellet òg, så me slapp å jakta på kveldsmaten.

Under kveldsmaten la ein servitør ein lapp med ein beskjed på bordet, og det verka som han var til meg. Me forstod sjølvsagt ingenting av den tsjekkiske teksten, og då blei me sjølvsagt nysgjerrige. Olaf og Inge meinte at det måtte vera frå ei av jentene. Etter litt leiting fann eg til slutt ein som sa han kunne tysk, men han kunne ikkje akkurat dei orda han trengte for å omsetja denne lappen. Dermed la me oss like kloke.


Dag 2: VLAŠIM - TELČ, ca. 85 km
Me hadde frukost på hotellet alt kl. 8.30, men kom oss eigentleg ikkje skikkeleg av garde før rundt 10.30. Då hadde me fiksa litt småproblem på sykkelen (eg hadde litt trøbbel med giret og overdreiv justeringa litt, slik at eg nå fekk problem andre vegen) og handla på Lidl. På veg ut av Vlašim såg me òg kor lang omveg me hadde sykla kvelden før...

Vegvalget var lett denne dagen: Rett fram langs riksveg 112 frå morgon til kveld. I starten hadde me fin framdrift, men så kom me inn i eit endelaus berg-og-dalbane-landskap. Ingen store høgeskilnader, men temmeleg dryge stigningar for så å trilla ned i nye dumper og inn i ein ny bakke. Isolert sett var ikkje bakkane så tøffe, men i lengda blei det litt utmattande, ikkje minst mentalt. Sjølv om eg kanskje blei litt lei av terrenget, var det jo samstundes utruleg fint der me sykla i eit flatt jordbruksterreng med lang og god utsikt og gjennom lange alléar med epletre. I nærleiken av byen Košetice hadde me ein lang foto-, ete- og epleslangstopp i vegkanten.

Etter kvart kom me òg inn i tøffare stigningar med bakkar på 1-2 km og med skilt om 12% stigning. Så bratte var dei nok ikkje, men det var skikkelege bakkar. Dermed blei det òg meir varierande og kjekkare å sykla. Dagane som kom skulle elles visa at det tsjekkiske vegvesenet hadde eit stort opplag med "12% stigning"-skilt som dei gjorde sitt beste for å bruka opp.

Lunsjen inntok me i byen Pelhřimov, temmeleg nøyaktig halvvegs på etappen. Fyrsteinntrykket var ein grå og sliten by, men då me etter litt meir peiking og "tam!" kom inn på torget, endra inntrykket seg kjapt. Der var det rett og slett grassat fint! Det var ein diger plass omgitt av murhus i jugendstil i ulike, men alltid lyse fargar. Bak ein buegang fann me òg ein fin liten kafé med uteservering. Då me kom tilbake på torget etter å ha ete, hadde forøvrig den lokale råneklubben overtatt plassen med eit biltreff. Det tok unekteleg vekk litt av sjarmen, men eg hugsar absolutt Pelhřimov som ein av dei finaste stadene på turen.

Her traff me òg eit ungt par som snakka bra engelsk og som kunne fortelja kva det stod på lappen frå Hotel Vorlina. Lappen var tydeleg hamna hjå feil adressat, og meldinga var noko om at ein skulle notera noko i dagboka si. Med tanke på at eg faktisk noterte hendinga - og lappen - i reisedagboka, kom jo faktisk bodskapen fram òg...

Me fortsette sørover, fyrst i litt lettare terreng, men etter kvart blei det opp-og-ned igjen. Dei siste 10 km var det til vår store glede hovudsakleg nedover, og me nådde Telč ved godt mot i 18-tida.

Telč er ein liten by med snautt 6000 innbyggjarar og eit torg som kan ta pusten frå dei fleste. Ei elv omsluttar sentrum og då me trilla gjennom bymuren, møtte kom me inn på ein stor åpen plass omgitt av jugendstilhus med til dels vanvittige utsmykkingar, for ikkje å seia malte illustrasjonar. Dermed blei det ein lengre fotosession før me gjekk på sengejakt. Olaf hadde alt på førehand avtalt overnatting hjå ein som dreiv eit slags pensjonat, men då me kom dit, var det ingen der. Me gav opp og fann til slutt dei to hotellromma som truleg var dei siste ledige i heile byen, på Hotel Telč. Eg kommenterte til jenta i resepsjonen at det var ein fin by, og ho svarte: "Ja, kanskje det, men når du har budd her i 20 år..."


Dag 3: TELČ - SLAVONICE - ZNOJMO
For min del starta dagen heller dårleg med uroleg mage. Frukosten blei derfor ikkje det kraftigaste, og eg plagdest noko dei fyrste mila på etappen, men heldigvis kom det seg etter kvart.

Telč er ingen stor by, men me greidde å rota litt før me kom oss ut av han. Det går nemleg fleire vegar sørover frå denne byen, og då me fulgte dei skilta eg hadde sett til Slavonice kvelden før, hamna me på noko me forstod var ein omveg. Me litt hjelp kom me inn på den rette vegen, som faktisk gjekk på andre sida av sentrum.

Den rette vegen heitte i dette tilfellet riksveg 406. Me stussa utvilsamt då me møtte skilt som fortalte at dette var ein 10 km lang blindveg. Forklaringa fann me i Dačice, for der hadde dei gravd opp heile hovudvegen gjennom sentrum. Landskapet var atskilleg flatare denne dagen enn dei to fyrste, og med gunstig vind, gjekk det ganske radig sørover til Slavonice, som ligg heilt på grensa til Austerrike, omlag 30 km frå Telč. Slavonice er nok ein av desse uforskamma idylliske småbyane med gamle hus, eit svært torg og små kaféar, og på ein av desse kaféane hadde me ein lett lunsj. For min del bestod lunsjen hovudsakleg av store mengder eple, eplesaft og cola for å få orden på magen. Det fungerte ganske bra.

I Slavonice tok me ut austleg kurs og fylgde landegrensa langs riksveg 409. Det var ein ganske smal landeveg med lite trafikk, og som gjekk i lett terreng gjennom mange små landsbyar. I nærleiken av ein slik landsby, Vratěnín, hadde Inge det fyrste uhellet på turen. I botnen av ei utforkjøring traff han eit hol i asfalten han datt ganske stygt. Heldigvis landa han på graset, og heldigvis bomma han på vegskiltet som stod der. Det var òg på denne strekninga me hadde det fyrste møtet med hundar som forsvarte heimen mot syklistar. Ein plass kom det to små, hissige etter oss. Den eine var farleg nær beinet til Olaf, men dei gav seg heldigvis fort. På denne strekninga blei det også etter kvart ganske mange krusifiks langs vegen, store og små, nokre enkle og andre flotte statuar, som på sitt vis skapte stemning langs vegen.

Eg hadde som sagt ein lett frokost denne morgonen. I Slavonice suplerte eg med eit eple og banana split, og undervegs åt eg også ein banan og ein sjokolade, men etter kvart trong eg skikkeleg mat. Dette var ein søndag, og me var langt ute på landsbygda, men me satsa på at me skulle finna noko i byen Šafov. Me fann ikkje noko mathol, men dei innfødde fortalte at det var eitt og peika og forklarte på tsjekkisk. Me fann det framleis ikkje. Så fann nokon ei 80 år gammal dame som snakka tysk til oss. Ho fortalte om betre dagar i Šafov ("Her er eg fødd, og her skal eg dø.") og rettleidde oss så me fann kaféen etter berre ein bom til.

Men på kaféen selde dei ikkje mat, og dermed var det tid for ein av reserveoffiser Arnesens feltrasjonar. Alt me trong var vatn og skei. Vatn var greitt, og etter litt romstering fann Inge ei skei på kjøkkenet til kafédama òg. Ansiktet hennar då det gjekk opp for henne at me ville kjøpa skeia, var eit høgdepunkt på turen... Men mat blei det.

Rundt Šafov endra vegen namn til 398, men terrenget var framleis ganske flatt til me kom til Vranov nad Dyje. Denne landsbyen låg så å seia nede i eit juv, og for å koma dit kjørte me ned ein ca. 2 km lang, stupbratt bakke. På toppen av bakken hadde Inge dagens andre uhell: Bremsevaieren rauk. Men sidan det var på toppen, greidde han å stoppa, og sidan eg hørte at han ropte, stoppa eg òg. Etter kvart trilla eg ned for å varsla Olaf mens Inge skifta kabelen. Då eg var komen nesten heilt ned bakken, såg eg at det låg ein imponerande borg på toppen akkurat der Inge stod. Dermed sykla eg og Olaf opp igjen for å ta bilete. Det var absolutt verdt det, men eg hadde kanskje ikkje gjort det om eg hadde visst kva som venta på den andre sida av landsbyen.

Der skulle me nemleg opp på same høgda igjen. Det var ikkje fullt så bratt på den sida, men desto lengre, ca. 3 km lang, tung og morosam stigning. På toppen fekk me løn for strevet: Lett utfor så å seia heile vegen inn til Znojmo (riksveg 408), der me tok inn på Hotel Kárník midt i sentrum.


Slottet ved Vranov nad Dyje


Dag 4: ZNOJMO - WIEN, ca. 110 km
Kvelden før hadde eg kontakta ein ven i Wien og spurt om han hadde tips om ein god overnattingsstad i Wien. Det hadde han ikkje, men utpå morgonkvisten kontakta han meg igjen og sa at mora hans tilbaud oss overnatting. Me takka ja så sant det ikkje var for vanskeleg å finna fram og på feil side av byen. Det var greitt å vita at me i alle høve hadde ei seng å koma fram til.

Dagens fyrste stopp var i Jan Šulers sykkelforretning 50 meter frå hotellet. Inge trong vaierstrømpe, og medan han sette på den, blei eg og Olaf kjende med butikkeigaren. Då han høyrde at me var norske, fann han fram ei lommebok med både bank- og førarkort som ein nordmann hadde gløymt der ein månad tidlegare. Me fann eit telefonnummer og leita oss fram til personen, og avtalen blei at eg skulle ta lommeboka med og senda ho frå Noreg, noko eg sjølvsagt gjorde. Eg hadde lenge sikla etter computer med høgdemålar, og slikt hadde Šuler til ein veldig billig penge. Eg kjøpte og var stornøgd heilt til eg kom tilbake til Noreg og prøvde vidunderet. Computeren var ubrukeleg pga. ein dårleg kontakt.

Når det gjalt syklinga var den fyrste delen av etappen, riksveg 408 til grensebyen Hevlín, ganske behageleg. Det var hovudsakleg flatt, og me hadde stort sett ein svak vind i ryggen. Dermed gjekk desse 35 kilometrane nokså raskt unna utan andre viderverdigheiter enn ein fasan som kryssa vegen og som eg nesten fekk tatt bilete av. I Hevlín hadde me ein enkel lunsj før me kryssa grensa til Austerrike. Sjølv hadde eg pasta Carbonara, noko som skulle visa seg å vera ein dårleg idé.

Kort etter den austerrikske grensebyen Laa an der Thaya svingde me sørover igjen på riksveg 6, og då fekk me vinden rett i trynet, og kort etter var energien frå Carbonaraen oppbrukt og kroppen min gjekk til streik. Sjølv ikkje ørten festlege graskardokker langs vegen eller stadnamn av typen Unterstinkenbrunn greidde å halda humøret oppe. Det hadde bygd seg opp eit energiunderskot, og nå skulle gjelda betalast. Det blei ikkje betre av at me kom inn i eit nytt berg-og-dal-landskap som det me hadde dei to fyrste dagane. Dei neste 50 kilometrane satt eg stort sett å trilla på lette gir 100 m bak dei andre og venta på betre tider.

Det blei litt betre tider då eg kom til den konklusjonen at eg truleg mangla salt og fekk tak i ein pose salta nøtter og Cola. Derifrå gjekk dei siste 20 kilometrane mykje betre. Litt av forklaringa låg nok òg i at vinden stilna og vegen blei flat igjen.

Me hadde fått ei grei forklaring på korleis me skulle finna vegen i Wien, men det gjekk frykteleg galt. Me tok éin feil sving og fulgte eitt dårleg råd, og dermed var det gjort: Me trilla og trilla og kom aldri til målet. Avstandane i Wien er imponerande! Då me kom til utkanten av Wien, var klokka 19, men klokka 21 var me endå langt frå vertskapet og humøret var ikkje det beste hjå nokon av oss, og dermed gav me opp og tok inn på Hotel Odeon. Det låg vegg i vegg med eit bordell, men som også hadde eit skilt på veggen som sa at syklistar var spesielt velkomne. Om me ser bort frå naboen, låg hotellet greitt til - ca. 15 minutters gange frå sentrum.

Sjølv var eg glad for å vera ferdig med ein elendig dag på sykkelen, og såg fram mot ein føremiddag i Wien og ein kort, lett ettermiddagsetappe til Bratislava. Så feil kan ein ta...


Dag 5: WIEN - BRATISLAVA, ca. 85 km (!)
Denne etappen blei ein nedtur. Ikkje at han var dårleg, men han blei noko ganske anna enn det me hadde sett føre oss.

Alle me snakka med, skrytte av sykkelvegen langs Donau - der Donauradweg - frå Wien til Bratislava, omtrent 50 km langs Donaus bredder. Summen av desse ryktene og strabasene frå dagen før gjorde at me tok oss god tid til litt loffing i sentrum og besøk på globusmuseum og Esperantomuseet. Det siste er absolutt eit must for språkfolk! Etter ein enkel lunsj rusla me tilbake til hotellet, pakka og trilla i veg. Då var klokka blitt ca. 14, og me rekna med å koma til målet snaue tre timar seinare.

Det gjekk mykje lettare å koma seg ut av Wien, og dei fyrste 15 km var slik me hadde blitt fortalt: gang- og sykkelveg i strandkanten. Så kom me til Lobau oljehamn, og då var sirkuset i gong, for her blei me fortalt at det var forbode å sykla på ein måte berre germanar kan formidla forbod. Ein hjelpsam sjåfør bretta ut kartet og fann ut at me måtte ta ein liten omveg rundt anlegget, truleg 2-3 km.

Det blei 15 km på kryss og tvers på grusvegar inne i skogen. Idyllisk og fint, men me begynte å ana at etappen kanskje blei lenger enn me trudde. I tillegg punkterte Olaf, og då me kom tilbake på sykkelvegen, hadde me brukt ein time på å vinna ein handfull kilometer i luftline.

Nå trudde me at me skulle få sykla langs Donaus bredder og sjå på båtlivet resten av turen. I staden kom me opp på eit dike som hadde eit skogholt på kvar side. Bak det eine skogholtet låg Donau, 200-300 meter frå diket. Diker er som kjend flate, og dette var i tillegg linjalrett. Det var i overkant av 13 km mellom to av svingane. Så kom det eit "spanande" strekk med 3-4 svingar før me fekk 2-3 nye beine kilometer. Gudskjelov hadde me frisk medvind! Endeleg kryssa me Donau og sykkelvegen vidare gjekk faktisk delvis i vasskanten.

Me kom til Hainburg, som visstnok har ein av dei best bevarte bymurane i Europa, då kveldmørket tok til å senka seg, noko som skjedde i 18-tida. Her venta ein ny prøvelse: Sykkelvegskilta til Bratislava forsvann. Slik hamna me på ein annan sykkelveg med namnet "Grenz-Tour" og patruljerte den austeriksk-slovakiske grensa på dugnad ein times tid. Dei to grensevaktene me møtte, lurte nok fælt på kva tre sykkelturistar gjorde der i tussmørket...

Då me endeleg kom fram til Bratislava, var klokka 20. Turen var blitt 85 km og hadde tatt seks timar utan skikkeleg mat. Dessutan begynte me å bli ganske kalde. Og alle overnattingsstadene var fulle. Etter ei stund fekk me napp på eit ungdomsherberge per telefon, men det tok oss endå 45 minutt å finna herberget fordi eit stillas skjulte gata det låg i. Sjeldan hadde ein pizza smakt betre enn denne kvelden, og me var samde om å ordna overnattinga før me sykla dei resterande etappane.


Donauer Radweg...


Dag 6: BRATISLAVA - KOMÁRNO (Slovakia), ca. 110 km
Etter å ha brukt atskillig meir energi enn eg fekk inn nokre dagar - ikkje minst dei to siste - insisterte eg på kaloribombe-frukost. Dermed inntok me frukosten på McDonalds: To hamburgarar, pommes frites og cola. "Me" var forøvrig berre eg og Olaf nå, i og med at Inge hadde returnert til Norge om natta pga. jobb.

Etterpå trilla me ned i gamlebyen for ein lynrask sightseeing før me sette kursen sør-austover ut av Bratislava. Det var ingen problem å manøvrera seg ut av byen, men det drygde ei god stund før trafikken avtok. Me fulgte riksveg 63/E575 i omlag 30 km til byen Báč. Der tok me inn på riksveg 506, som er ein roleg landeveg gjennom kornåkrar og små landsbyen på Donaus breidd. Denne vegen fulgte me til han kom inn på 63 igjen rundt 15 km før Komárno. Dette vegvalet kan eg absolutt tilrå også for andre.

Dette var utan samanlikning den raskaste etappen på turen. Kombinasjonen av bris i ryggen og paddeflatt terreng - dvs. svak helling nedover, i og med at me fulgte elva - gjorde at me låg i 25 km/t store delar av dagen. Når sola i tillegg skein for sjette dag på rad, og temperaturen framleis låg rundt 22 grader, kunne det ikkje bli særleg mykje betre.

Andre som ev. vil tadenne turen, bør merka seg at det er svært dårleg med mathol langs riksveg 506. Derfor passa det bra med McDonalds-frukosten i Bratislava. Det blei nemleg ikkje noko meir mat utanom frukt og sjokolade på dei dryge 10 mila. Me spurte etter serveringsstader eit par gonger, og alle svara: "I neste landsby." Men det nærmaste me kom, var nokre nærbutikkar. Me fylte opp lommene og flaskene i ein av desse butikkane, og der fekk me hyggjeleg nærkontakt med ein representant frå dei innfødde som takka nei til sjokolade, men gjerne kunne tenka seg ein schnaps... Mens me sat der, kom det også eit amerikansk ektepar på tandem som var ute på den same turen som oss.

Denne etappen baud òg på det nifsaste møtet med hundar på turen. I kvar landsby var det ei gneldring utan like frå vaktbikkjene når me sykla gjennom, men det hende heldigvis berre 2-3 gonger på heile reisa at ein eller fleire hundar kom springande ut av hagen dei skulle passa på. Denne dagen kom eit stort grått beist byksande i lange, bjeffande kliv ut frå hagen. I løpet av fem sekund gjekk desse tankane gjennom hovudet mitt - i kronologisk rekkefølgje:

"Faen - han kjem etter oss!"
"Puh! Han er lenka fast."
"Faen! Lenka er ikkje festa i noko!"
"Puh. Han gir seg."
"Nei - no kjem han igjen!"

Hundar er i det heile noko ein skal vera obs på når ein syklar i desse områda. På mange strekningar er det vakthund i så å seia kvar hage, og dei er temmeleg aggressive.

Me kom fram til Komárno på grensa til Ungarn i 18-tida, omtrent sju timar etter starten i Bratislava. Der tok me inn på Hotel Banderium, som var eit lite, men veldig triveleg hotell midt i sentrum. Også her fekk me låsa inn syklane, denne gongen i ein bilgarasje.


I gamle Bratislava


Dag 7: KOMÁRNO - BUDAPEST, ca. 110 km
Vinden hadde snudd om natta, så den siste etappen starta med frisk bris midt i mot. I tillegg hadde eg fått problemer med giret etter at nokon hadde flytta på syklane om natta slik at Olaf sin pedal hadde sett seg fast i kjedet mitt. Det såg altså ut til å bli ein lang dag...

Heldigvis løya vinden litt og dreia litt meir frå sør etter ei stund, slik at me fekk han frå sida. Det gjorde alt mykje lettare på vår veg vidare langs riksveg 63. Etter som me nærma oss den ungarske grensa ved Esztergom, blei landskapet litt meir småkuppert igjen. Denne variasjonen sette me pris på etter to og ein halv dag på parkett.

Budapest!I grensebyen Šturovo var det om å gjera å bruka opp restene av slovakisk valuta. Det gjorde eg på eit supermarked der eg kjøpte 12 sjokoladar av typen Deli. Etterpå kryssa me Donau for sjuande gong på turen og kom inn i den ungarske grensebyen Esztergom, nøyaktig halvvegs på etappen.

Etter ein gatekjøkken-lunsj starta me på den siste deletappen på reisa til Budapest. Me heldt oss til Olaf sin opprinnelege plan om å ta den kortaste vegen: forbi Dobogókö. Denne vegen var tilfeldigvis også den brattaste. "Då får de litt motbakkar," gliste dama på gatekjøkkenet då ho peika ut kursen for oss. Dei fyrste åtte kilometrane gjekk det slakt oppover, så kom ein skarp venstresving, og så var moroa i gang. Sju kilometer samanhengande stigning, med eit snitt på rundt 6%.

Vanlegvis hadde eg storkost meg i denne bakken. Men det gjekk blytungt, og skrapa og gnissa i giret, som etter kvart fekk eige liv. Etterpå - på flyplassen i Budapest! - oppdaga eg at noko hadde sett seg fast inni giret og laga ikkje så lite motstand. Akkurat då kjende eg meg ikkje spesielt intelligent.

Me stoppa i eit kryss som sa at det var 3 km til Dobogókö, og eg såg litt mørkt på 3 km til i motbakke. Tilfeldigvis sjekka me kartet, og då såg me at me ikkje skulle over Dobogókö, men forbi. Og då var det berre 150 meter att av bakken, før me fekk 15-20 kilometer meir eller mindre samanhengane utforkjøring.

I 19-tida passerte me bygrensa til Budapest. Me hadde reservert senger på eit herberge i hovudgata Vaci utca, og dit tok det endå ein time å sykla. Trafikken blei gradvis større, og til slutt var me på ein 8-felts veg der farten var temmeleg høg. Heldigvis var det eit kollektivfelt som dei fleste respekterte, og dermed fekk me sykla relativt usjenert.

Me kom fram til herberget klokka 20, og etter ein rask dusj, feira me suksessen med middag på ein av dei mange restaurantane i hovudgata.


Me greidde det!


	

(c) Kjell H. Ullestad, 2008