|
Bakkar i og rundt Trondheim
<< Tilbake
Nedanfor er ei oversikt over nokre bakkar i og rundt Trondheim med opplysningar om lengd (m), gjennomsnittlig stigningsprosent (%) og maksimal stigning (Max).
Kolonnen FIETS viser ein kvotient som indikerer kor vanskeleg bakken er å sykla opp. Eg har valt å bruka FIETS-indeksen, som har namnet sitt etter det nederlandske sykkelbladet FIETS. Formelen er slik:
  (H*H)/(D*10)
der H er høgdeforskjellen og D er distansen i meter.
Ein slik formel vil sjølvsagt ikkje vera noko objektivt mål på vanskegraden, men han kan tena til å samanlikna bakkar sidan han tar omsyn både til lengda og kor bratt bakken er.
Nokre bakkar har bratte og slake parti, som t.d. Fiolsvingen. For å justera for dette er bakkane delt i seksjonar i utrekninga. Dermed gir kvotienten eit rettare bilete av kor utfordrande bakken er.
Målingene er gjort med ein VDO sykkelcomputer med barometrisk høgdemåler, og alle målingane er gjort i bilbanen om ikke anna er spesifisert.
For den som vil samanlikna: Stelvio har ein score på 13,6 og Mont Ventoux på 12,7 ...
Kvar m % Max FIETS
Bjørndalen Trondheim 4100 2,5 3 0,26
Brattlia Spongdal 1750 5,3 7 0,48
Breidablikkveien Trondheim 1780 6,6 10 0,77
Bøckmanns vei Trondheim 2070 5,7 8 0,70
Dybdahls veg Trondheim 1020 6,2 8 0,38
Eklesbakken Klæbuveien, Trondheim 650 6,9 9 0,31
Fiolsvingen Trondheim 870 6,4 14 0,49
Fjøsvollan Byneset - Ringvål 1700 8,3 20 1,46
Fortunalia Trondheim 630 5,9 8 0,22
Gimsevegen Melhus 1130 4,7 6 0,25
Gjevingåsen Frå Hell 1530 6,0 8 0,55
Golfbanen, Spongdal Frå Ristan bru 1100 5,8 10 0,37
Heimdalsvegen Klett - Heimdal 3200 2,7 4 0,24
Husbybakken Klæbu (til Ståggån) 580 8,1 9 0,38
Jakobsliveien Trondheim 2000 4,4 6 0,38
Kirkebakken Hølonda (frå sør) 1000 6,5 8 0,42
Moholtlia Sykkelvegen langs E6 710 6,9 11 0,34
Okstadbakken Gamle E6, Trondheim 900 6,6 8 0,39
Ryebakkane Byneset 2220 4,5 8 0,50
Selbuvegen Frå Hommelvik sentrum 2550 5,7 8 0,83
Skistua Frå Byåsen butikksenter 5140 5,5 10 1,77
Snøan Frå Haukdalsbrua 4030 6,7 9 1,81
Ståggån Frå Svean 1250 8,5 11 0,90
Ståggan + Husbybakken Klæbu 2140 7,1 11 1,28
Svean - Husby Frå Svean bru 680 7,8 11 0.41
Tanem Frå Tanemsbrua 1020 5,6 8 0,33
Torgård Rødde - Torgårdssletta 810 7,2 13 0,41
Tillerbrua - Rosten Trondheim 780 7,9 10 0,49
Tverregga Bratsbergv., Trondheim 1730 3,6 5 0,23
Venn Opp frå Venn, Skaun 1300 6,8 9 0,64
Venusveien Trondheim 990 8,0 13 0,69
Vestoppfarten Trondheim 2700 5,0 6 0,68
Vikelvvegen Trondheim 1770 4,6 8 0,42
Høgast FIETS:
1. Snøan 1,81
2. Skistua 1,77
3. Fjøsvollan 1,46
Høgast snittstigning:
1. Ståggan (frå nord) 8,5 %
2. Fjøsvollan 8,3 %
3. Husbybakken 8,1 %
Høgast max-stigning:
1. Fjøsvollan 20 %
2. Fiolsvingen 14 %
3. Torgård 13 %
3. Venusveien 13 %
(c) Kjell H. Ullestad, 2020
|
|