Fotballspelet slik me kjenner det i dag, kom til Noreg frå England på 1880-talet. Så tidleg som i 1863 hadde engelskmennene stifta eit fotballforbund, og i 1888 starta den fyrste fotballserien i verda, The Football League, opp. Organiseringa av spelet der danna mønster for utviklinga i andre land over heile verda.
Sist på 1800-talet var det engelske samveldet den største stormakta i verda. Noreg hadde alt frå vikingtida eit nært samkvem med Storbritannia, og rundt 1900 var britane ein av dei viktigaste importørane av norsk fisk og tømmer. Kontakten mellom Noreg og England var altså stor.
Forretnings- og industrifolk som var på øyriket fatta interesse for ulike idrettar som dei såg der. Ikkje minst blei dei forundra over dette merkelege spelet som blei kalla "fotball", der vanleg, danna ungdom sprang rundt etter ein ball. Dei tok reglar og rettleiingar med seg over Nordsjøen, og dermed var fotballsparkinga i gang i Noreg òg.
I 1885 blei den fyrste norske fotballklubben stifta, Christiania Footballclub. Den fyrste kampen spelte dei to år seinare (!) mot Spring. CFC vann 1-0 føre 2000 tilskodarar. Snart spreidde spelet seg også til andre byar i landet, men ikkje utan motbør. Lange arbeidsdagar gav lite tid til spel, og utstyr var det så som så med. Dessutan meinte nokre at spelet var for rått, mens andre reagerte på alle dei engelske orda - kritikk som ikkje er heilt ukjend i dag heller.
CUP OG LANDSLAG 1900-1930
Etter kvart vaks det fram eit behov for ein eigen organisasjon. I 1902 tok Lyn eit initiativ, og saman med klubbane Grane og Spring stifta dei Norsk Fodboldforbund den 30. april. Åtte år seinare tok forbundet det namnet det har i dag, Norges Fotballforbund.
1902 var òg året for den fyrste cupmeisterskapen etter initiativ frå Kristiania Idrætsforening. Fire lag deltok, og Grane slo Odd 1-0 i finalen. I utgangspunktet var meisterskapen ei kvalifisering om retten til å få spela mot utanlandske lag, men dei utanlandske laga kom aldri, og Grane blei dermed utropa til Noregsmeister. Fyrst i 1905 fekk cupmeisterskapen offisiell status som NM.
Dei fyrste 10 åra var det klubbane Odd, Lyn, og Mercantile som dominerte norsk fotball, og det var naturleg at desse laga danna stammen av landslaget dei fyrste åra.
Noreg spelte sin fyrste landskamp mot Sverige i Göteborg den 12. juli 1908. Starten var fenomenal, med norsk skåring av Minotti Bøhn etter 45 sekund. Men svenskane, som òg spelte sin fyrste landskamp, kom frykteleg tilbake og vann 11-3.
Ti år skulle det gå og 27 kampar skulle spelast før landslaget fekk sin fyrste siger. På Frogner i Oslo blei Danmark nedkjempa med 3-1. Ein fin revansj frå året før. Då enda det 12-0 til Danmark, det største tapet i norsk landslagshistorie. I mellomtida hadde Noreg òg vore med i OL i 1912 og spelt uavgjort mot Russland. Endå betre smakte nok 5-1 over Sverige borte i 1919.
Under OL i Antwerpen i 1920 kunne ein notera den fyrste norske fotballsensasjonen. Med Gunnar Andersen, Per Skou og Einar "Jeja" Gundersen i spissen slo Noreg sensasjonelt regjerande meister og storfavoritt England 3-1. OL-eventyret tok deretter brått slutt med tap for Belgia og Tsjekkoslovakia, men ein hadde fått ein liten smakebit på det som skulle bli den fyrste gullalderen i norsk fotball.
DEN FYRSTE GULLALDEREN 1930-1940
Mot slutten av 1920-talet vaks det fram ein ny generasjon på landslaget. Spelarar som Jørgen Juve, Reidar Kvammen, Henry "Tippen" Johansen og Arne Brustad var i åra fram mot den 2. verdskrigen med på å skapa eit slagkraftig lag som det skulle gå tiår før Noreg igjen hadde maken til.
Bronsemedalja i OL i Berlin 1936 er den einaste medalja Noreg har vunne i fotball for menn. Etter å ha nedsabla Tyrkia med 4-0, stod vertslandet Tyskland for tur i kvartfinalen. Den norske 2-0-sigeren passa dårleg inn i Hitler sine propaganda-leikar, og han forlot tribunen då Magnar Isaksen laga 1-0 etter åtte minutt. Semifinalen mot Italia blei dramatisk. Etter ekstraomgangar vann Italia til slutt 2-1 og gjekk til slutt til topps i meisterskapen. Bronsefinalen mot Polen enda med 3-2 etter tre skåringar av Arne Brustad.
To år seinare var det såkalla bronselaget klart for VM i Frankrike. Året før hadde dei slått ut Irland i kvalifiseringa med 3-2 (h) og 3-3 (b), og motstandar i 1. runde i Marseille var tittelforsvarar Italia. Noreg spelte ein heroisk kamp, og mange meinte at dei burde ha vunne. Ved full tid stod det 1-1 etter ei tvilsom annulering av ei norsk skåring. Som i OL to år før, vann Italia 2-1 etter ekstraomgangar, og vann seinare meisterskapen.
På 1930-talet hadde Noreg òg eit framgangsrikt arbeidarlandslag som representerte Arbeidernes Idrettsforbund (AIF), eit resultat av at idrettsbevegelsen blei splitta i 1922 på grunn av klassemotsetningar. Dette laget vann 38 av 52 landskampar, med ein målforskjell på 252-98, og nådde finalen i arbeidarolympiaden i 1937. Arbeidarlandslaget fekk mange kalassigrar mot land der arbeidarfotballen ikkje stod like sterkt som her, som 16-3 over Danmark og 13-0 over Spania, men laget bokførte òg sigrar over Sovjet, Tyskland og Austerrike, som var dei tre store nasjonane i arbeidarfotballen. AIF hadde òg sitt eige klubbmesterskap, der Østfold-laga dominerte stort. Best av alle var Sprint frå Moss, som vann mesterskapet seks gonger.
Den fine framgangen i norsk fotball blei brutalt broten då den 2. verdskrigen braut ut. Den tyske okkupasjonsmakta stengde fotballforbundet, og i dei fem åra krigen varte, blei det ikkje spelt organisert fotball i Noreg.
ETTERKRIGSTIDA 1945-1960
Krigen gjorde òg at det norske seriesystemet ikkje kom skikkeleg i gong før i 1947. Alt i 1914 hadde forbundet gjort spede forsøk med lokale seriar på Austlandet, men det var fyrst med Norgesserien i 1937/38 at ein fekk eit seriesystem som slo igjennom. Norgesserien var delt inn i åtte lokale seriar, og vinnarane spelte cup for å kåra meisteren. På dette viset blei Fredrikstad den fyrste norske seriemeisteren.
Etter denne modellen rakk ein å kåra to seriemeistrar før krigen, og ein tredje i 1947/48. Deretter blei Norgesserien erstatta med Hovedserien: 14 lag delt i to avdelingar og med seriefinale mellom avdelingsvinnarane.
I perioden 1930-1960 var Fredrikstad den leiande klubben med 7 cup- og 9 seriemeisterskap. Før krigen var konkurransen hardast frå Mjøndalen, mens Lyn, Sarpsborg og Skeid kom sterkt i etterkrigstida.
Landslaget var naturleg nok sett kraftig tilbake. Berre få av heltane frå gullalderen var med, og alle mangla sjølvsagt trening. Resultata i den første etterkrigstida svinga frå 0-10 mot Sverige (1945) til rekordsigeren 12-0 over Finland (1946). Jamt over gjekk det heller dårleg, men med unntaksvise sigrar i treningskampar mot Nederland (1951 og 1953), Sverige (1956) og DDR (1958). Heller ikkje OL-deltakinga i Finland i 1952 var særleg ærerik.
Noreg hadde kome ned i ein djup fotballdal det skulle ta fleire tiår å karra seg opp av.
MØRKETID 1960-1990
Fredrikstad blei seriemeister i 1959/60 og fekk dermed delta i europacupen for serievinnarar som det fyrste norske laget. Det starta bra med siger over nederlandske Ajax i fyrste runde (4-3 heime, 0-0 borte), men i 2. runde blei det bråstopp mot Århus (0-1/0-3). Heilt fram til 1990-talet var den norske deltakinga i europacupane lite ærerik. Som regel forsvann dei norske laga i 1. runde, og ofte med stygge siffer: Fredrikstad - Vasas Budapest 1-11 samanlagt (1962), Lyn - Leeds 0-16 (1969), Strømsgodset - Liverpool 0-12 (1974), Brann - Queens Park Rangers 0-11 (1976) og Mjøndalen - Bayern München 0-12 (1977) for å nemna dei verste.
Det einaste unntaket var i 1968/69 då Lyn kom til kvartfinalen, der dei var nær ved å slå ut sjølvaste Barcelona. 2-2 og 2-3 enda kampane, som begge blei spelt i Spania på grunn av det norske vinterveret.
På 1960- og 1970-talet gjekk norsk fotball gjennom store omorganiseringar. Etter ein overgangssesong i 1961/62 ("Maratonserien") blei Hovedserien erstatta av ein landsomfattande 1. divisjon med 10 lag i 1963. Berre ni år seinare blei 1. divisjon utvida med to lag til.
Frå 1929 hadde laga i Nord-Noreg hatt sin eigen nord-norske meisterskap. Fyrst i 1963 kom dei med i cupmeisterskapen, og i 1972 blei dei fire nordlegaste fylka også innlemma i det nasjonale seriesystemet. Mjølner blei same året det fyrste nord-norske laget i toppserien, medan Bodø/Glimt blei den fyrste cupmeisteren frå landsdelen i 1975.
Klubbfotballen i 1960-åra blei dominert av Rosenborg, Lyn og Fredrikstad, medan 1970-talet var Viking sitt tiår med fire strake seriemeisterskap i 1972-1975, samt dobbeltmeisterskap i 1979. Fyrst på 1980-talet var Viking, Vålerengen og Lillestrøm dei leiande laga, men i siste halvdel av tiåret utvikla Rosenborg seg til å bli det laget som skulle dominera i mange år framover.
For landslaget var perioden 1960-1990 som ei endelaus ørkenvandring. Meisterskap etter meisterskap gjekk forbi utan norsk deltaking. Som regel var Noreg prügelknabe i kvalifiseringa, og hadde sin fulle hyre med lag som Island, Luxembourg og Wales. Berre i kvalifiseringa til Moskva-OL i 1980 kom Noreg gjennom nålauget, men boikotta seinare leikane av politiske grunnar. Fire år seinare boikotta austblokklanda OL i Los Angeles, og dermed fekk Noreg delta i leikane der utan å vera kvalifisert og utan å imponera.
Elles fekk ein nøya seg med heiderlege tap og enkeltsigrar mot gode lag, då helst i privatkampar. Sigrane mot Jugoslavia i 1965 (3-0, VM-kval.) og 1983 (3-1, EM-kval.), og mot Frankrike i 1987 (2-0, EM-kval.) var heiderlege unntak.
Sigeren over England (2-1) i VM-kvalifiseringa i 1981 etter skåringar av Roger Albertsen (eller Tom Lund? Dei lærde strides.) og Hallvar Thoresen, innførde nærast ny tidsrekning og gjorde kommentatoren Bjørge Lillelien berømd på øyriket. Ein aldri så liten milepæl var det òg då dei fyrste norske spelarane debuterte i den engelske ligaen. Einar Jan Aas var fyrst ut i 1980 for Nottingham Forest, og han fekk snart fylgje av Åge Hareide i Manchester City.
DAMENES INNTOGSMARSJ 1970-1990
I 1971 blei den fyrste uoffisielle cupmeisterskapen for damer arrangert, med Vestar som vinnar etter 3-1 over Skjeberg i finalen. I 1978 blei meisterskapen offisiell, og BUL, som alt hadde fire uoffisielle mesterskap, vant finalen mot Trondheims-Ørn etter straffesparkkonkurranse og blei med det dei fyrste Noregsmeisterane i fotball for damer.
Same år fekk Noreg òg eit damelandslag. Den fyrste kampen var mot Danmark i Kolding og enda med tap 1-2. Den fyrste sigeren kom med 3-0 over Frankrike i 1980. I åra framover utvikla det norske landslaget seg til å bli eit av dei beste i verda, og i 1987 blei laget europmeister etter å ha slått Sverige 2-1 i finalen på Ullevål stadion. Året etter vann dei den uoffisielle VM-finalen i Kina med 1-0 over Sverige. I 1989 blei det tap i EM-finalen mot Vest-Tyskland.
Klubbfotballen blomstra òg. Mosseklubben Sprint/Jeløy blei den fyrste seriemeisteren for damer i 1984 etter siger i sluttspelet mellom avdelingsvinnarane på Austlandet, Vestlandet og i Trøndelag. Ein landsomfattande 1. divisjon kom i 1987 med Klepp som fyrste meister. Dei dominerande klubbane på damesida på 1980-talet var BUL, Sprint/Jeløy og Asker.
DEI GLADE 1990-ÅRA
1990-talet var ein revolusjon for norsk fotball etter tretti magre år. Endeleg markerte Noreg seg ute i den store verda, både med landslaget og i klubbsamanheng.
Etter nokre korte og mislukka intermezzo i trenarstolen for landslaget, blei Egil "Drillo" Olsen landslagssjef i 1991. Storsigeren over Kamerun (6-1) i debutkampen hans var eit varsel om nye tider. Erik Thorstvedt, Rune Bratseth, Kjetil Rekdal og Jostein Flo var spelarar som utgjorde stammen i laget som skulle føra Noreg ut dei mørke fotballdalane.
VM-kvalifiseringa som fulgte, opna med 10-0 over San Marino, og seinare fulgte heimesigrar både mot Nederland og England. Noreg vann gruppa, og var klar for VM i USA 1994. Der blei Noreg slått ut i innleiiande runde i den tettaste gruppa i VM-historia. Etter ein siger, ein uavgjort og eitt tap, rauk Noreg ut på for få skåra mål. Og mens nordmenn deppa, jubla ein i andre land for at "Flo-pasningen" blei slått ut.
Fire år seinare kvalifiserte Noreg seg til VM i Frankrike 1998 etter å ha gått gjennom kvalifiseringa utan tap. Denne gongen kom ein seg også gjennom den innleiiande runden etter at Kjetil Rekdal, "vår mann for de store anledninger", sikra 2-1 over Brasil. Men i åttandedelsfinalen blei Noreg for tredje gong av tre moglege slått ut av Italia (0-1) i eit VM.
Den norske framgongen gjekk ikkje umerka forbi. Kombinert med nye overgangsreglar førte han til at stadig fleire nordmenn gjekk til utanlandske klubbar. Nokre av desse hadde stor suksess i europeiske toppklubbar. Trioen Ronny Johnsen, Henning Berg og Ole Gunnar Solskjær gjekk t.d. til topps i Champions League med Manchester United i 1999.
Men også norske lag tok etter kvart til å bita frå seg i europacupane. Rosenborg kvalifiserte seg til Champions League for fyrste gong i 1995 og sidan dei neste sju åra, noko ingen andre europeiske klubbar har greidd. Den sensasjonelle bortesigeren over AC Milan (2-1) i 1996 gav kvartfinaleplass, der det blei tap for Juventus (1-1 og 1-2).
Året etter kom Brann til kvartfinalen i UEFA-cupen, mens Vålerenga kom like langt i cupvinner-cupen i 1998. Begge rauk ut for engelske lag, Liverpool og Chelsea.
Den nasjonale klubbfotballen var heilt dominert av Rosenborg på 1990-talet og den fyrste halvdelen av det fyrste tiåret i den nye milleniumet. Nils Arne Eggen, trenar 1988-97 og 1999-2002, har mykje av æra for at dei vann alle seriemeisterskapane frå 1990 til 2006, utanom dei i 1991 og 2005. I tillegg tok dei fire cupmeisterskapar på 90-talet.
Damelandslaget gjekk frå suksess til suksess på 1990-talet. I 1993 vann laget sitt andre EM-gull med 1-0 over Italia i finalen, og i 1995 blei det VM-gull. Tyskland blei slått 2-0 over Tyskland i finalen etter mål av Hege Riise og Marianne Pettersen. I tillegg spelte laget finalar i både EM og VM i 1991, men tapte for Tyskland og USA.
Trondheims-Ørn (fire seriemeisterskap og seks cupmeisterskap) og Asker (fire seriemeisterskap og to cupmeisterskap) var dei leiande klubbane på damesida. I 1997 vann Trondheims-Ørn òg den nordiske serievinnarturneringa som var forløparen til europacupen. Klubben gjekk for øvrig inn i Rosenborg og endra namn til RBK Kvinner i 2020.
TILBAKE TIL KVARDAGEN 2000-2020
"Drillo" gjekk av som trenar for landslaget etter Frankrike-VM, men i 2000 kvalifiserte Noreg seg for fyrste gong også til EM. Det blei siger i opningskampen, men likevel ikkje avansement frå den innleiiande runden. Etter EM 2000 har det ikkje lukkast Noreg å kvalifisera seg til nokon meisterskap. Nærast var dei føre EM 2004 og VM 2006, då dei tapte i omspel i kvalifiseringa, og i 2020 då det blei tap i finalespelet i Nation League om ein plass i EM.
I europacupane har det òg gått tungt for dei norske klubbane etter 2000 . Ingen lag har greidd å kvalifisera seg til Champions League sidan Rosenborg gjorde det i 2006. Eitt og anna lag har gjort vore i gruppespelet i nyvinninga Europaligaen, tidvis med brukbare resultat, men stort sett har dei norske laga blitt slått ut tidleg, fleire gonger små klubbar, som då Lillestrøm tapte for Käerjéng frå Luxembourg i 2007.
Rosenborg sitt hegemoni tok slutt i 2006, og fleire lag har både kjempa i toppen og vunne titlar. Trøndarane har likevel heldt seg i toppen og tok tre av fire seriemesterskap i åra 2015-2018. Dei siste ti åra har Møre og Romsdal har vore eit maktsentrum i norsk fotball med tre seriemesterskap og to cupmesterskap til Molde, i tillegg til cupmesterskap til både Aalesund og Hødd.
For damefotballen opna det nye årtusenet med eit smell. Dagny Mellgren sitt "golden goal" ga 3-2 over USA og OL-gull i Atlanta. Dei siste 10-15 åra har konkurransen blitt mykje hardare i den internasjonale damefotballen etter kvart som dei store fotballnasjonane har satsa alvorleg på damefotball. Noreg har dermed ikkje oppnådd like gode resultat som på 80- og 90-talet, men laget nådde EM-finalen både i 2005 og 2013. Begge endte med tap for Tyskland.
Trondheims-Ørn fortsette å dominera klubbfotballen dei fyrste åra etter 2000, og nådde mellom anna semifinalen i europacupen i 2005. Etter ein del tunge år blei klubben ein del av Rosenborg i 2019. Røa, Stabæk og Kolbotn blei dei leiande klubbane etter trønderane sin glansperiode, før Lillestrøm (tidlegare Setskog/Høland) har vore den store klubben dei siste åra, med seks seriemeisterksap og fem cupmeisterskap mellom 2014 og 2019.