Zamenhof sine 16 reglar for esperanto

<< Tilbake
Då Ludwik L. Zamenhof lanserte esperanto i 1887, presenterte han grammatikken i form av 16 reglar. Det er sjølvsagt ei grov forenkling å seia at grammatikken i esperanto berre har 16 reglar, slik ein ofte høyrer, mellom anna fordi fleire av Zamenhof sine punkt inneheld fleire reglar, men fyrst og framst fordi desse reglane ikkje er heile sanninga. Bertil Wennergren sin grammatikk Plena Manlibro de Esperanta Gramatiko er til dømes over 700 sider i trykt form. Zamenhof sine reglar må heller seiast å vera prinsippa, og dei gir eit greitt oversyn over korleis esperanto er oppbygd. Den som vil vita meir om grammatikken i esperanto, kan t.d. kika i Odd Tangerund sin Esperanto-grammatikk.

Her er ei omsetting av grammatikken til Zamenhof. Eg har lagt til overskrift for kvar regel for oversynet si skuld. Uttalerettleiinga under alfabetet er òg lagt til av meg. (I originalteksten er det jamføringar med m.a. engelsk.) Omsettinga er ikkje ordrett. Originalteksten er på fem språk. Den engelske versjonen finn du her.


A. Alfabetet

a b c ĉ d e f g ĝ h ĥ i j ĵ k l m n o p r s ŝ t u ŭ v z

Merknad: Trykkeri som ikkje har bokstavane ĉ, ĝ, ĥ, ĵ, ŝ og ŭ, kan i staden bruka ch, gh, hh, jh, sh og u.

UTTALE:
c = som ts i "vits"
ĉ = som tsj i "Tsjekkia"
ĝ = som g i "gin"
ĥ = som ch i "Bach"
ĵ = stemt sj som i fransk "journalist"
o = som å i "ål"
r = både rulle-r og skarre-r er greitt
ŝ = som sj i "sju"
u = som o i "Ole"
ŭ = som w i engelsk "water", blir berre brukt i diftongane aŭ og eŭ
z = stemt s.


B. Ordklassar

1. ARTIKKEL
Det er ingen ubestemt artikkel. Det er berre éin bestemt artikkel: la, som er den same for alle kjønn, kasus og tal.
Merknad: Bruken av artikkelen er lik som i andre språk. Dei som synes det er vanskeleg å bruka artikkelen, kan utelata han heilt i starten.

2. SUBSTANTIV OG KASUS
Substantiva endar på -o. For å laga fleirtal, legg ein til endinga -j. Det er berre to kasus: nominativ og akkusativ. Den siste blir laga av nominativ ved å, legga til endinga -n. Øvrige kasus blir uttrykt ved preposisjonar (genitiv ved de, dativ ved al, ablativ ved per eller andre preposisjonar, alt etter tydinga.

3. ADJEKTIV
Adjektiva endar på -a. Kasus og fleirtal blir danna som ved substantiva. Komparativ blir laga ved hjelp av ordet pli, og superlativ ved plej. Ved komparativ bruker ein konjunksjonen ol.

4. TAL
Grunntala, som ikkje blir bøygde, er unu, du, tri, kvar, kvin, ses, sep, ok, naŭ, dek, cent (100) og mil (1000). Tala 11-19, 21-29, 31-39 osb. og tal over 100 blir laga ved å setta saman grunntala. For å laga ordenstal legg ein til endinga for adjektiv, for fleirdobling endinga -obl-, for brøk -on-, for ei samling av fleire -op- og "per person/stykk" blir uttrykt med ordet po. Elles kan ein òg bruka tala som substantiv og adverb.

5. PRONOMEN
Personlege pronomen: mi, vi, li, ŝi, ĝi (vanlegvis for ting, dyr eller barn) si (refleksivt) ni, vi, ili, oni. Ein lagar eigedomspronomen ved å setta til adjektivendinga. Bøyinga er som for substantiva.

6. VERB
Verba blir ikkje bøygde i person eller tal. Formene til verbet: Presens har endinga -as, fortid -is, framtid -os, konjunktiv -us, imperativ -u og infinitiv -i. Partisipp (adjektiviske og adverbiale): aktiv presens har -ant-, aktiv fortid -int-, aktiv framtid -ont-, passiv presens -at-, passiv fortid -it- og passiv framtid -ot-. Alle passivformene blir laga ved hjelp av rett form av verbet esti (å vera) og passiv partisipp av det aktuelle verbet. I passiv bruker ein preposisjonen de.

7. ADVERB
Adverba endar på -e. Gradbøyinga er som for adjektiva.

8. KASUS ETTER PREPOSISJONAR
Alle preposisjonane styrer nominativ.


C. Generelle reglar

9. LYD OG SKRIFT
Alle ord blir uttalt slik dei blir skrivne.

10. TRYKK
Trykket ligg alltid på nest siste staving.

11. SAMANSETTE ORD
Samansette ord blir laga ved enkel samanføying av orda (det viktigaste ordet står sist). Dei grammatiske endingane blir òg rekna som eigne ord.

12. NEKTING
Om ei setning har eitt anna nektingsord, blir nektinga ne utelaten.

13. RETNINGSAKKUSATIV
For å visa retning, får orda akkusativending.

14. PREPOSISJONAR
Kvar preposisjon har ei definert og konstant tyding, men om me må bruka ein preposisjon, og det ikkje er klart frå tydinga kva preposisjon me skal velja, bruker me preposisjonen je, som ikkje har ei eiga tyding. I staden for je kan me òg bruka akkusativ utan preposisjon.

15. FRAMANDORD
Dei såkalla framandorda, det vil seia dei orda dei fleste språka har tatt frå éi kjelde, blir brukte i esperanto utan andre endringar enn tilpassingar i skrivemåten. Men om det finst fleire ord frå same rot, er det best å bruka det opphavlege esperantoordet utan endringar og laga dei øvrige ut ifrå reglane i esperanto.

16. APOSTROF
Sluttvokalen i substantiva og i artikkelen kan utelatast og erstattast av ein apostrof.

	

Ludwik L. Zamenhof: Fundamento de Esperanto, Paris 1905 Her omsett av Kjell H. Ullestad, 2021