Personrapport Anetavle

59 Ane Nilsdtr. Solemsløkken

Far:118 Nils Ingebrigtsen Solem (1783 - 1834)
Mor:119 Eli Arntsdtr. Fornes (1784 - 1872)

Født:11.02.1808 Hølonda
Død:USA

Barn med 58 Even Jensen Vennagjerdet (1808 - 1884)

Barn:
29 Marit Evensdtr. Grøtbrennen (1836 - 1925)

Notater

Ane Solem var populær blant gutane. Ho fekk tre born med tre ulike fedre utanfor ekteskap før ho gifta seg med enkemann Ingebrigt Klefstad i 1846. Dei var husmenn og fekk to born saman. Ei av desse blei sett vekk til oppfostring. [1]

I 1859 døydde Ingebrigt, og i folketeljinga i 1865 er Ane «Husmandinde med Jord» og bur saman med den eine dottera frå ekteksapet og tre av Ingebrigt sine born frå eit tidlegare ekteskap. Dei blei tronge kår på ein husmannsplass med ei ku, fem sauer og noko korn, så i 1874 emigrerte Ane saman med den eine stesonen, Ingebrigt (33 år og «arbeidsmand»).

Den 13. mai 1874 gjekk dei ombord på DS Tasso (bilete) som gjekk frå Trondheim til Hull i England. Derfrå gjekk turen vidare anten via Liverpool eller Glasgow til Amerika og Sioux City i Iowa, som var det endelege målet. 49 spesiedalar kosta turen per person. Ane står som Anna Nielsdtr. Klefstad i passasjerlista. [2]

I fylgje bygdebøkene døydde Ane i Amerika. Det blei ikkje velstand for stesonen heller. Han returnerte, og i 1900 var han ugift tømmermann i Trondheim. [3]

[1] Per Rød: Melhusboka. Melhus kommune 1975-1980.
[2] Digitalarkivet.no: Emigranter fra Trondheim 1867-1930.
[3] Digitalarkivet.no: 1900-telling for Trondheim.