12 Ole Olsen Sæter
Anleggsarbeidar. Ble 56 år.
Født: | 05.06.1878 Soknedal |
Død: | 28.05.1935 Støren |
Notater
Ole Olsen Sæter blei fødd utanfor ekteskap i Soknedal den 5. juni 1878. Foreldra var gårdmannssønn Ingebrigt Endal, 29 år, frå Budal og pike Ane Olsdtr. Sæter, 27 år, frå Soknedal. Ingen av desse såg seg i stand til å ta seg av han, og han blei sett vekk til oppfostring på garden Lyset i Soknedal. Der budde han då han blei konfirmert i 1893. [1]
I april 1900 fekk han ei dotter, Gjertrud, utanfor ekteskap med tenestepike Olaug Endresdtr. Solem. I kyrkjeboka står han som tenar på Lyset, der han blei oppforstra. [2] Seinare på året flytta han tydelegvis til Horg. I folketeljinga det same året er han registrert som tenestedreng på garden Valdum der.
I 1905 får han sonen Olaf med pike Maren Olsdtr. Heggvold. Han er då kalla Ole Olsen Lyseth og livnærer seg som tenestedreng på Haugseggen i Melhus. [3]
Året etter gifta han seg med Olaug Endresdtr. i Soknedal, og han er no dagarbeidar busett på morsgarden Sæter. [4] Dei fekk fire søner i åra som kom, og i 1909/1910 flytta dei til Nedre Løkkenbakken på Støren. Ole var framleis dagarbeidar, særleg innan jordbruk og trearbeid. [5] Bygdeboka for Støren oppgir at han var anleggsarbeidar.
Ole Olsen Lyseth døydde på Støren den 28. mai 1935. [6]
[1] Ministerialbok for Soknedal i Støren, 1891-1923, s. 130. [2] Ministerialbok for Soknedal i Støren, 1891-1923, s. 32. [3] Ministerialbok for Soknedal i Støren, 1891-1923, s. 51. [4] Ministerialbok for Soknedal i Støren, 1891-1923, s. 208. [5] Folketeljing 1910 for Støren. [6] DIS-Norge: Gravminner i Norge.
|