Personrapport Anetavle

84 Jakob Jakobson Espevoll (Steine)

Lærar og klokkar. Ble 76 år.

Far:168 Jakob Danielson Espevoll (1709? - 1775)
Mor:169 Helene Jakobsdtr. Espevoll (1724 - )

Født:01.12.1748 Vikedal
Død:27.11.1825 Suldal

Barn med 85 Siri Gabrielsdtr. Hallingstad (1748 - 1794)

Barn:
42 Jakob Jakobson Steine (1772 - 1847)

Notater

Jakob Jokobson Espevoll blei fødd på garden Nedre Espevoll i Vikedal den 1. desember 1748. [1]

Då han var 18 år gammal, blei han lærar i heimbygda, og fire år seinare gifta han seg med Siri Gabrielsdtr. Hallingstad. I 1772 blei han klokkar i Suldal, og då flytta han til garden Steine med kona Siri og sonen Gabriel. Han tok då namnet Steine, i tråd med namneskikken på den tida. Over dei neste 18 åra fekk Jakob og Siri sju barn til, men i 1794 blei han enkemann.

Bygdeboka for Suldal fortel at "han skal ha vore ein bra mann i embetet til å byrja med. Men han tok til å drikka, og etter kvart gjekk det så vidt at det hende han kom full til kyrkja." Etter kvart vende folket seg mot både klokkaren og presten, Erich Ancher Bruun. I 1797 blei dei to suspenderta frå embeta, og i folketeljinga i 1801 står Jakob Jakobson oppført som "Bonde og gaardboer, samt suspenderet klokker".

Etter ei lang rettsak blei både han og presten avsette ved høgsterettsdom i 1806. I mellomtida hadde Jacob gifta seg med dottera til Bruun, enke Andrea Marie Huus. Sokneprest Bruun var kjend som ein kranglevoren prest og hadde blitt forvist frå prestestillinga i Evje av den grunn. Til slutt rauk dei også Jakob Jakobson uklar med han om eit arveoppgjer. [2, 3]

Folgemann Jacob Jacobson døydde den 27. november 1825, nær 77 år gammal. [4]

[1] Vikedal. Ministerialbok nr. A 1 (1737-1778), s. 182.
[2] Hallvard M. Hoftun: Gamle Suldal Gards- og ættesoge. Suldal kommune 1972, s. 247.
[3] Samuel V. Vinje: Historien om en trettekjær prest. I Ætt og Heim, 1953.
[4] Suldal. Ministerialbok nr. A 6 (1816-1836), s. 109.