Lovløyse på Hølonda

<< Tilbake
Hølonda litt sør for Trondheim på midten av 1700-talet var nok ikkje dominert av lovløyse, men det er akkurat her me finn dei straffedømde blant forfedrane mine.

FAMILIEFEIDEN PÅ LITLFUGLÅSEN
Even Jonson Skjegstadhaugen (1705-1786) var tipp-tippoldefar til bestemor. Han var fødd på garden Litlfuglåsen, men kom til garden Skjegstadhaugen som dreng. Der blei han forelska i dottera Gjertru, og dei to blei gift. Gjertru hadde ingen brødre, så Even overtok garden frå svigerfaren Simon rundt 1740. Dei fekk fire ungar før Gjertru døydde i 1746. Då gifta Even seg med ei ny Gjertru og blei buande på Skjegstadhaugen med ungane og den nye kona.

To år seinare kom Even for retten. Dottera på 7-8 år hadde nekta å gjeta kyrne, og stemora hadde kjefta henne opp skikkeleg. Simon, som var morfar til jenta, syntes ho blei tukta for hardt, noko han sa til Even. Even likte dårleg å bli irettesett, så ein dag tok han svigerfaren på 64 år for seg på låven. Det utarta til slagsmål, og Even «visste litet eller intet av sig selv» då han banka Simon, slik at denne fekk «blodige Saar baade i Ansigtet og paa henderne», ifylgje rettsprotokollen. Etterpå gjekk Simon til nabogarden og fortalte kva som hadde hendt og skaffa seg vitne.

Under rettsaka fekk derimot Simon kalde føter. Even var trass alt forsørgaren til barnebarna hans, «der var smaa og daglig og idelig […] hans Hjelp og Forsorg behøvende». Om Even blei dømt, var det kanskje dei som ville betala den høgste prisen, så Simon gjekk i forbøn for svigersonen. Det same gjorde karaktervitne som påstod at Even «alltid er befunden Sagtmodig, Reedelig og ædruelig».

Dessverre for Even tydde fakta i saka på noko anna, og retten dømde han til eitt års slavearbeid i jern på Munkholmen «til Erindring og Avskye».

LENSMANNEN SOM BLEI FORVIST
Jørn Fredrikson Oppstuggu Eid (1698-1769) var bestemor sin tipp-tipp-tippoldefar. Han var omtrent jamgammal med Even, og dei to kjende nok kvarandre godt sidan gardane deira låg ved sida av kvarandre. Det var faktisk hit Simon gjekk då han hadde blitt banka opp, og det var ikkje nokon dum plass å gå, for Jørn var nemleg lensmannen i bygda.

Han var òg lensmann ti år tidlegare, i 1738. Då var han 40 år, gift for andre gong og hadde ein vaksen son frå det fyrste ekteskapet. Han hadde òg tre små barn med den noverande kona og forsørgde dessutan sine «gamle afdagede og skrøbelige Forældre», som det heitte i rettsprotokollen. Derfor var det utan tvil både ein skandale og ei personleg tragedie då han sjølv måtte for retten fordi «hand som gift Mand har besovet sit Søskende Barn», Ane Olsdtr. Skotterø. Ikkje berre var det utruskap, men i tillegg blodskam, og det resulterte desutan i Jørn sitt femte barn, Marit.

Lensmann Jørn nekta ikkje for det han hadde gjort, men han ba om å bli dømd mildt av omsyn til dei han forsørgde. Garden han dreiv var tungdriven, og om han blei dømt hardt, frykta han at familien ville «gandske Crepere». Men lova var streng på 1700-talet når det gjalt utukt, og Jørn fekk ei hard straff. Han blei dømd til tre års forvising og straffarbeid i fiskebruk på Nordmøre, i tillegg til at halve formuen blei inndratt.

Heller ikkje Ane gjekk fri. Det var nok ingen som spurte om samleiet var frivillig. Mora gjorde det ho kunne for å få ned straffa. Ho peika på at dottera var eit «Eenfoldig Menniske», og at barnet hennar berre var 13 veker, men det hjalp ikkje. Også Ane blei forvist i tre år, men ho blei send til Nordland – lengst mogleg vekk frå Jørn.

Det var tydelegvis rom for tilgjeving på Hølonda. Etter tre år kom Jørn Fredrikson Eid tilbake til Hølonda og fortsette som lensmann som før. Kona – som ironisk nok òg heitte Ane – tok òg imot han med opne armar, og alt i 1742 fekk dei ein son. Sidan fulgte fem barn til.

Kva som skjedde vidare med søskenbarnet Ane, veit eg ikkje, men det ser ut som Marit, jenta ho hadde med lensmannen, vaks opp på Skotterø på Horg hjå mora sin familie.

---

Kjelde:
Per O. Rød: Hølondboka, bd. 1. Melhus, 1968. Sitata frå rettsprotokollane er òg henta herifrå.

	

(c) Kjell H. Ullestad, 2020