I Årdal i Ryfylke står det to kyrkjer nokre hundre meter frå kvarandre: den kvite hovudkyrkja, som stod ferdig i 1916, og den raude gamlekyrkja frå 1600-talet. Den spesielle forma med tre delar i ulik høgd ga i si tid gamlekyrkja tilnamnet «kyrkja under tre tak», og nettopp denne forma er ein av grunnane til at det herskar tvil om kor gamal kyrkja eigentleg er.
Rekneskapen frå 1619 seier at «Kiercken var opbygt aff nye och nu gjordes thagh». [1] Dette må tolkas slik at kyrkja blei bygd frå grunnen i åra like før 1619 og ferdigstilt dette året, men fleire ting tyder på at den eldste delen kan vera eldre.
Skipet i kyrkja delt i to delar som er «låste» saman med store kilar. Det er òg tydelege teikn på at ein har tatt ut ein vegg ein gong. Tømmeret i dei to delane er dessutan bearbeidd på ulikt vis, høvla i aust og øksa i vest. Alt dette gjer at såvel fagfolk som bygdefolket meiner at skipet på eit tidspunkt er utvida austover, noko som peikar i retning av at den vestre delen av skipet er frå før 1619. Laftemerker i golvstokken viser òg at det truleg har vore eit kor tilknytt den vestre delen av skipet før utvidinga.
Kanskje var det slik lokalhistorikaren Johannes Vadla trudde, at kyrkja blei utvida etter kvart som kyrkjelyden vaks. [2] I eit upublisert manuskript om Årdal peikar Vadla òg på at garden der kyrkja ligg, har hatt namnet Kyrkhus i alle falle sidan tidleg på 1500-talet. Dette er ein klar peikepinn på at det har stått ei kyrkje på staden før 1619.
SPOR ETTER EI ELDRE KYRKJE
Noreg blei kristna rundt år 1000, og det er sannsynleg at Årdal fekk ei kyrkje i løpet av 200-300 år etter kristninga. Det tydelegaste teiknet på det er eit krusifiks frå omlag 1250 som hang i gamlekyrkja fram til 1880-åra. Krusifikset, som i dag er i Stavanger Museum sitt eige, er ikkje heilt komplett, men det som er bevart, er i ganske god stand. Konservator A.W. Brøgger skriv at det «rager høit op over det almindelige kunstneriske nivaa som ellers udmerker vore mange krusifikser. [3] Det er nærliggande å tru at dette krusifikset har hengt i ei kyrkje i bygda alt i tidleg mellomalder.
Det finst òg skriftlege kjelder frå 1200- og 1300-talet som tyder på at det var ei kyrkje i bygda på den tida, og at garden Vadla nokre hundre meter frå gamlekyrkja kan ha vore prestegard. Kan det vera at den eldste delen av gamlekyrkja er så gamal? Det er lite truleg, for under restaureringa i 1872 fann ein rester av ein grunnmur under golvet, og seinare har ein funne stavkyrkjematerialer i takkonstruksjonen og spor av noko som kan ha vore stolpehol for ei stavkyrkje. Og når ein legg til at klokka som heng i kyrkja, truleg er fleire hundre år eldre enn kyrkja, tyder ganske mykje på ei eldre kyrkje som anten er øydelagt eller riven, og at ein har bygd ei ny kyrkje på same staden, delvis med materialer frå den gamle kyrkja.
KYRKJE MED SÆRPREG
Kyrkja i Årdal blei utvida fleire gonger til ho fekk si endelege form i 1703, fyrst med eit kor, så med våpenhus og til slutt eit tårn. Ein sparte ikkje på noko når det gjalt interiøret. 36 tilhøyrarbenker, brurebenk og eigen benk til presten – alt rikt utskore. Mange benker ber namnet til dei mest velståande bøndene, som kjøpte seg plass langt framme i kyrkja medan husmennene måtte nøya seg med dei bakre benkene, om dei i det heile fekk sitja. For å måla altartavla og preikestolen leigde dei inn tyskaren Godtfried Hendtzschel, som gjorde slike arbeid i eit 20-tals kyrkjer frå Vennesla til Røldal. Ifylgje rekneskapen tok arbeidet i Årdal han fem veker, og han fekk betalt 36 riksdalar, noko som tilsvarer rundt 20 000 kroner i dag, pluss kost og losji – ein betydeleg sum i 1635.
Då kyrkja stod ferdig, blei veggene og taka dekorert «til Guds Ære oc hans Huus til Prÿd», som det står på ein tverrbjelke. Om utsmykkinga skreiv kunsthistorikar Henrik Grevenor 1928: «Fra gulv til tak er kirken innvendig smykket med maling, noe helt godt, kraftig og markert, annet mer elegant og grasiøst, atter igjen noe burlesk og pussig, men adskillig er helt dårlig.» [4] Det er denne utsmykkinga som har gitt gamlekyrkja i Årdal særpreget sitt. På veggene er det fargerike blomsterrankar, og i taka er det framstillingar av profetar, apostlar, englar og dygder. Ingen veit kven som står bak dekorasjonane sjølv om det har vore fleire gjettingar. Måleria i taket er så naive at ein er freista å tru at kunstnaren var ein lokal mann i bygda. Til dømes er profeten Jonas utstyrt med særs lite funksjonelle hender, og kvalen som slukte han, ser ut som ein ål med leppestift. «Opriktig talt, på et nutidsmenneske virker disse takdekorasjonene mest ved sin pussighet. Den store kunst representerer de ikke,» skreiv konservator Harald Hals i 1933. [5] Samtidig er det brukt førebilete som berre kyrkjekunstnarar hadde tilgang til. Kanskje var det ein omreisande kunstnar som såg sitt snitt til å leika seg litt?

Jonas og kvalen. Foto: Kjell H. Ullestad
Eit interessant poeng i utsmykkinga er at fleire profetar og apostlar er titulerte som «sankt», trass i at helgendyrkinga forsvann med reformasjonen i 1537, nær 100 år før kyrkja blei bygd. Det var òg andre katolske element i kyrkja. Døypefonten stod ved inngangen etter katolsk skikk, og mellom koret og skipet var det eit gitterverk. Slik var det heilt fram til 1872, noko som viser at det er forskjell på når ei endring blir vedtatt og når ho er endeleg gjennomførd. I Årdalskyrkja tok reformasjonen 350 år.
Dekorasjonane var ikkje berre for å pynta opp. Dei skulle òg undervisa kyrkjelyden, som ikkje var lesekyndig. I gamlekyrkja finn ein både profetar og apostlar i taket, samt korsfestinga, oppstoda og dei ti boda og nattverda på altartavla. Sola over preikestolen er nok meint å representera Gud. Symbolikken var enkel, men effektfull: tre englar med kors, basun og laurbærkrans viser daud, dom og siger, og dygdene i koret minna kyrkjelyden om korleis dei skulle te seg.
150 ÅR MED FORFALL
I tillegg til alle desse bibelske motiva er det eit måleri som skulle minna dei om kven som var sjefen på landejorda. «Frygter Gud og ærer Kongen» står det under monogrammet til kong Fredrik IV av Danmark-Norge på halvveggen mot koret. Fredrik IV regjerte mellom 1699 og 1730, og i denne perioden herja den store nordiske krigen. Denne krigen skulle få direkte konsekvensar for kyrkja i Årdal. Etter kvart blei nemleg krigen dyr for kongen, og for å få pengar, selde han halvparten av kyrkjene i Noreg. Løytnant Ole Olsen Hjelm, Lars Schmidt og kaptein Poyda kjøpte kyrkja i 1726 i håp om å bli rik på utleige av ho. Det blei dei ikkje, og kyrkja skifta seinare eigar fleire gonger fram til kommunen kjøpte ho tilbake for 300 riksdalar (drygt 100 000 kroner i dag) i 1851.
Dei private eigarane hadde berre vore interesserte i leigeinntektene og ikkje brydd seg med vedlikehaldet, så kommunen overtok ei kyrkje som var i ei sørgjeeleg forfatning. Og det blei ikkje betre då halve taket blåste av i ein storm.
Kyrkja var dessutan for lita. Ho var smal, og det var lågt under taket. Den fargerike soknepresten Gottlieb Thaulow klaga over dette i 1840: «Aardals Kirke især er saa lav at Preædikanten, naar han ikke er desto lavere af Vext, paa Prækistolen rager op mellem Bjelkerne, hvorfor denne Kirke fornemmelig er tung at tale i.» [6] Om kyrkjelyden pressar seg saman på dei 36 benkane, kan ein kanskje rekna seks mann per benk, noko som vil tilsvara 200-250 sitjeplassar. Det var på langt nær nok i ein kyrkjelyd der opptil 2/3 av sokneborna møtte fram til gudstenestene. Dermed blei det fort intimt. I det same brevet som det er sitert frå ovanfor, skildrar Thaulow korleis han pressar inn opp til 900 menneske i kyrkja, noko som ifylgje utrekningane hans tilsvarte 1,5 kvadratfot – eller 0,14 kvadratmeter – per person.
Det stod klart – ikkje minst for Thaulow – at noko måtte gjerast med kyrkja.

Her pressa Thaulow inn 900 årdalsbuar.
Foto: Kjell H. Ullestad
Ein interessant parentes her er at Thaulow samtidig teikna eit sørgjeleg bilete av tilstanden på kyrkjegarden rundt kyrkja (og dei andre kyrkjegardane i soknet, for den del). Han var alt for liten, og ingen hadde oversikt over kva graver som var nye og gamle, med dei konsekvensane det førde med seg: «En aarsgammel Grav er neppe forskjellig fra en mangeaarig og man graver derfor meget ofte endog aarsgamle Liig op.» For å gjera det lettare å halda oversikt, føreslo han eit enkelt tiltak:
«Paa mange Steder er det en vakker Skik at sætte et simpelt Gravminde af Steen eller Træ paa Graven, hvilket da ikke blot viser den Begravnes Navn og Dødstid, men afværger ogsaa en altfor tidlig Opgravelse. Denne Skik finder desværre ikke Sted i disse Egne og Almuen er utilbørlig til at inføre den.» [7]
Den siste setningen streka han like godt under. Han kjende bygdefolket - det var ikkje heilt utan grunn at han etter ein feide sukka oppgitt frå talarstolen at ein kunne bøya jern og stål, men ikkje stivnakka årdalsbuar.
Biskopen var litt meir lydhør, og berre 14 år etter Thaulow sitt klageskriv kravde han ny kyrkje fordi den gamle var for lita etter lova. Men etter lange diskusjonar gjorde kommunen dette vedtaket, som ikkje var til å misforstå:
«Hvorvel Reprensentantskabet villigen indrømmer det ønskelige og behagelige i at Kirken var mere rummelig end som fortiden er Tilfældet, nødes man dog Sandheden tro at erklære at man ei øiner den ringeste Udvei til dette Ønskes Opfyldelse, thi det er desværre en bedrøvelig Kjendsgjærning at Sognet eller Kommunen er nedsunken til en saa frygtelig Armod, at Udpantninger, Executioner og Tvangsauctioner høre til Dagens bedrøvelige Orden. Ja, Armoden er saa fremragende, saa omsiggribende at Kommunalbestyrelsen vover intet ved at paastaa eller erklere at Sognets hele Befolkning emigrerede saafremt de forarmede Familiefædre kunde aabnes adgang til at realisere Levningene af deres Formue.» [8]
Thaulow fekk dermed aldri oppleva verken ny kyrkje eller restaurering av gamlekyrkja. Han døydde i 1858 etter eit fall frå hesten på veg nettopp til kyrkja i Årdal.
Ti år seinare var kyrkja i så dårleg stand at kommunen vedtok å bygga ei ny så snart som mogleg. Av ukjende grunnar blei dette vedtaket omgjort tre år seinare, og i staden blei det ei omfattande renovering. Mellom anna blei det sett inn vedomn, noko som neppe hadde blitt sett på som ein god idé i dag. I åra frametter blei det stadig klaga på kyrkja sin tilstand, men det var ikkje pengar til verken noka ny kyrkje eller til vidare renovering. På eitt vis kan me vera glade for det i dag, for det var truleg berre kommunal fattigdom som hindra at dekorasjonane inne i kyrkja blei overmalt på 1880-talet. Prosten meinte nemleg at dei smaklause bileta vansira kyrkja.
GÅVMILDE UTVANDRARAR OG VRANGE POLITIKARAR
Til slutt kom det pengar til ny kyrkje frå uventa hald. Utvandra årdalsbuar i Forest City, Iowa, i USA stifta foreininga Årdalslaget i 1912. Alt på det fyrste møtet vedtok dei å samla inn pengar til ny kyrkje i heimbygda. Givargleda var stor, og det kom inn 5500 kroner, noko som tilsvarer nær 350 000 i 2020. [9] I tillegg garanterte Årdalslaget sine medlemmar for ytterlegare 7500 kroner. Kommunen tok imot med stor takk, og etter ein lokal strid om kor kyrkja skulle stå, fekk dei utarbeidd teikning og sende søknad om byggeløyve til departementet.
Departementet ville ikkje gi løyve, men tilrådde heller at dei innsamla pengane blei brukt til å restaurera den gamle kyrkja, som kommunen uansett ville la bli ståande. Årdalslaget i USA sa blankt nei til dette, og kommunen heldt fast på byggeplanane. Departementet åtvara sommaren 1914 kommunen mot å gå i gang med noka bygging utan løyve, men berre ei veke etterpå gjorde årdalsbuen nettopp det. Dei la ned grunnsteinen, og to år etterpå stod kyrkja ferdig – framleis utan godkjenning.
No fulgte ein ny, lang strid mellom kommunen og departementet om kven som skulle dekka vedlikehaldet av gamlekyrkja og om klokkene der kunne flyttast over i den nye. Så mykje fram og tilbake var det at sakspapira forsvann. Etter to år var tålmodet til kommunen brukt opp, og dei sa klart ifrå i tidvis sarkastiske tonelag:
«Skulde det være være nektelse av å la den nye kirke innvies, kan meddeles at såfremt departementet nu ikke med det første går med på en for herredsstyret tilfredsstillende ordning, saa den nye kirke blir innviet, er menighetens tålmodighet så nær uttømt at den tid formentlig ikke er langt borte, da befolkningen innvier kirken selv ved å ta den i bruk, hvad departementet visstnok ikke har midler til å forby. Hittil har man dog kviet sig for å måtte se prest og menighet i hver sin kirke. [...]
Kirkeklokkene gjør man krav på å få overføre til den nye kirke. [...] Gamlekirken trenger dem ikke, de kan ikke sees engang der de henger, er heller ikke anskaffet for å sees, men for å høres, og de som får adgang til å se inn i gamle-kirken, skulde vel heller ikke gis adgang til å ringe med klokkene, så de kunde høres. [...]
Herredsstyret skal dog som en siste utvei til å få ende på dette seigpineri gå med på en forhøielse av det til kirkens vedlikehold opprettendes urørlige fond å tilskyte av herredskassen kr. 500,00. [...]
I ett punkt er man helt ut enig med departementet, nemlig i, at saken nu bør påskyndes mest mulig. Det er dog ikke herredsstyret, som har halet saken ut år efter år. Heller ikke har herredsstyret kastet dokumenter vekk. Det er også meget kjedelig likeoverfor amerikanerne, der har gitt Årdal kirken, som de hadde ønsket ferdig i 1914, at den ikke har kunnet fås innviet og tatt i bruk.» [10]

Den nye kyrkja frå 1916.
Denne klare meldinga gjorde sitt til at ein kom fram til ei løysing. Kommunen og departementet oppretta eit vedlikehaldfond saman, og ein fekk lov til å flytta den eine klokka frå gamlekyrkja over til den nye. I tillegg kravde departementet at den gamle kyrkja skulle brukast 1-2 gonger i året, noko ho har blitt fram til i dag. Dermed kunne den nye Årdal kyrkje bli innvigd av biskop Bernt Støylen den 28. mars 1919 – tre år etter at ho stod ferdig.
---
[1] Eikeland (1969), s. 44
[2] Vadla (1932)
[3] Brøgger (1913)
[4] Grevenor (1928), s. 116
[5] Hals (1933), s. 62
[6] og [7] Thaulow (1840)
[8] Sitert i Eikeland (1969), s. 53
[9] SSBs priskalkulator
[10] Stortinget (1919), s. 164
---
KJELDER:
Brandal, Trygve (1997): Hjelmeland. Bygdesoge før 1800.
Brøgger, A. W. (1913): Krusifikset i Aardals kirke. I Stavanger Aftenblad, 21.6.133
Christie, S.M og Kaland, Bjørn (1965): Årdal gamle kirke. I Foreningen for fortidminners bevarings årbok, s. 47-81
Eikeland, Sigurd (1969): Årdal. Frå istid til notid.
Frantzen, Olav (2012): Årdal gamle kyrkje. I Preikestolen, nr. 3, s. 14-16
Greve, Georg (1914): Aardal kirke i Ryfylke. I Foreningen for norske fortidsminners bevarings aarbok, s. 171-182
Grevenor, Henrik (1928): Norsk malerkunst under renessanse og barokk 1550-1700.
Hals, Harald (1933): Hus og kirke. I Stavanger Turistforenings årbok.
Kielland, Thor (1923): Gotfred Hentschel. I Stavanger Turistforenings årbok, s. 31-39
Olsen, Odd Harald (2006): Den store gåva frå Amerika.
Stortinget: Om Årdal kirke. I Stortingsforhandlinger. 1919. Vol. 68, nr. 2a., s. 162-168
Thaulow, Gottlieb (1840): Brev til Stiftdirektionen, 30.4.1840. RA, KUD, A, pk. 110
Vadla, Johannes (1932): Gamlekyrkja i Årdal. I Stavanger Aftenblad, 9.9.1932