70 år med fotball i Årdal i Ryfylke

<< Tilbake
ÅRDAL IDRETTSLAG Stifta 1935 - nedlagd 2019 Kretsmeister i 7. divisjon (nivå 7) i 1979 9. plass i 4. divisjon (nivå 5) i 2003 (diska frå 4. plass i 2001) Semifinale i Rogalandscupen 2000 Hjelmelandsmeister i 1978, 1979, 1980, 1981, 1983, 1987, 1989 og 2005
Årdal Idrettslag blei stifta den 5. mai 1935 under namnet Årdal Fotball-lag, og det blei innleiinga på ei 70 år lang, om ikkje så ærerik, fotballhistorie. Ved stiftinga var det 30 medlemmar, og laget leigde ein 80 x 40 m stor bane i utmarka på Sedberg for 50 kroner i året. Draktene var kvit trøye og mørkeblå bukse med raud stripe på sidene. Dei planlagde reservedraktene hadde dristigare fargeval: lyseblå trøye og lysegrøn bukse med gul stripe. Den fyrste kampen til Årdal Fotball-lag var mot Godtemplarane sin ungdomsleir og enda med tap 0-2. Det gjekk eit drygt år før den fyrste sigeren blei innkassert med 4-2 over Losje Rogaland.

DEI VANSKELEGE FYRSTE 40 ÅRA
Det var nok av utanomsportslege utfordringar dei fyrste åra. Ei stund var til dømes det store diskusjonstemaet i styret om ein skulle ta seg råd til å kjøpa ny ball. Den gamle var utsliten, men konklusjonen blei å sjå det an og klara seg med den gamle så lenge det gjekk. I 1939 måtte dei dessuten flytta banen fordi grunneigarane ville setta opp gjerde mellom seg, og tomtegrensa gjekk tvers over banen. Trøysta fekk vera at den nye banen blei innvigd med siger over Forsand.

Trass i slike utfordringar blei Årdal med i Ryfylkeligaen i 1937. Det var seks lag med i ligaen, som hadde blitt starta året før etter initiativ frå Hjelmeland TIF. Fasiten for Årdal blei to sigrar, ein uavgjort og seks tap. Elles gjekk det stort sett i treningskampar og småturneringar i førkrigsåra. Erkerivalen frå Hjelmeland var den hyppigaste motstandaren, og det enda stort sett med tap for årdalsbuane.

Som alle andre idrettslag la Årdal Fotball-lag ned aktiviteten under den 2. verdskrigen, men alt i mai 1945 var fotballbanen rydda og klar til ny dyst. Ein fortsette på sett og vis der ein var før krigen - med tap for erkerivalen Hjelmeland. I 1946 endra laget namn til Årdal Idrettslag, og i 1947/48 debuterte Årdal i seriesystemet. Med to sigrar, éin uavgjort, sju tap og 18-28 i målforskjell blei det nestsiste plass i 3. divisjon, pulje 2 - ei plassering som blei kopiert sesongen etter.

Bokverket Aktive fotballspillere av Arne Brustad, storskårar på bronselaget i Berlin-OL, frå 1953 gir ein presentasjon av alle norske fotball-lag på det tidspunktet, deriblant Årdal IL. Omtalen er lten, men fortel ein del om fotballstoda i bygda fyrst på 50-talet. Laget spelte ikkje i serien, men hadde store framtidsplanar: eige klubbhus med bad skulle det bli. (Det næraste ein skulle koma realisering av denne visjonen, var ei pølsebu som kom opp på 80-talet.) Draktene hadde no blitt heilkvite med ei rød stripe over brystet. Klubbformann var Georg “Goggen” Riskedal, som kunne skilta med blant anna marsjmerket og svømmeknappen. Når han blei spurt om sitt største fotballminne, hugsa han særleg ein gong ballen hamna midt i ein stor pytt og ingen våga seg uti. Det var med andre ord små kår for fotballen i Årdal i 1953.



Nokre av Årdal IL sine drakter. (Eigen ill.)


1950- og 60-talet var ein einaste stor daudballsituasjon i Årdal. Bygdebokforfattar Sigurd Eikeland skildra idrettslivet i bygda slik i 1971: “I etterkrigstida har [idretts]laget helst ført eit stille liv utad, men vore ein gild samlingsstad for medlemmene i kvardagens strev”. På eit tidspunkt blei laget til og med stroke frå medlemslistene til Idrettsforbundet fordi det ikkje betalte kontingent. Det sportslege nullpunktet kom i 1969. Då blei det dyrka poteter på fotballbanen.

EIN KORT OG HEKTISK GULLALDER
Då eit nytt forsøk på å stabla på beina ein ryfylkeserie blei gjort i 1971, var Årdal med, men fyrst i 1977 gjorde Årdal comeback i seriesystemet. Med nye drakter i brunt og (gjennomsiktig) gult kjempa laget seg til ein 5. plass av sju lag i 7. divisjon.

Hjelmelandsmeisterskapet i fotball blei arrangert for fyrste gong i 1978. Av bygdene i kommunen var det berre Årdal og Hjelmeland som hadde organiserte fotball-lag, så det var ikkje så rart om det var desse to laga som møttest i finalen. Årdal vann på straffesparkkonkurranse og tok det fyrste av sju Hjelmelandsmeisterskap fram til 1989.

1979 blei ein jubelsesong for Årdal IL. Ikkje berre vann laget Hjelmelandsmeisterskapet på eigen, nyopna grasbane - ein av dei beste i Rogaland. Dei gjekk òg heilt til topps i si avdeling i 7. divisjon med 12 sigrar på 16 kampar og 67-12 i målforskjell. Det betydde finale om kretsmeisterskapet mot Falkeid. Finalen blei spelt i Årdal 14. oktober, og heimelaget vann komfortabelt 3-0 og vann dermed sitt fyrste og siste kretsmeisterskap. Ove Mæhle, Kjell Apeland og keeper Jarl Sie laga måla.



Kretsmeisterane frå Årdal. Foto: Olav Ullestad


FRÅ KRETSMEISTER TIL KRETSJUMBO
Laget greidde seg bra i 6. divisjon dei neste to sesongane. Det var tre ting som særmerkte fotballsatsinga i Årdal, kunne Stavanger Aftenblad melda: den fine banen, det entusiastiske publikummet og at laget var det einaste i kretsen med kvinneleg formann. Ingen av desse suksessfaktorane hjalp i det lange løp. Allereie i 1982 trekte Årdal seg frå serien etter at ein ikkje hadde lukkast å finna ny trenar.

Året etter var laget derimot tilbake i 7. divisjon. Sesongen starta heidundrande med 11-2 over Byhaugen og 9-3 over Auglend etter ikkje mindre enn 16 skåringar av målmaskina Ove Mæhle. Men tap i dei sju siste kampane gjorde at laget raste frå 2. til 6. plass. I 1984 gjekk det heilt gale. Tap i 18 av 20 kampar og 21-131 i målforskjell gjorde at det ikkje blei noko seriespel på eit par år. Dei unike draktene i brunt og gult blei etter kvart vraka, utan at det hjalp nemneverdig. 1988-sesongen baud på eit nytt botnpunkt då laget blei sist i 9. divisjon og med det offisielt var det dårlegaste laget i kretsen. Likevel blei det “opprykk” til 8. divisjon på grunn av omlegginga av seriesystemet.

NESTEN-SENSASJON MOT BRYNE
Etter fleire år med dårlege resultat og nokre år ute av seriesystemet kom ei ny satsing i gong i siste delen av 1990-talet, no med forsterkingar frå nabokommunen Strand. Laget starta opp igjen i 7. divisjon i 1997, og i 2000 rykka det opp i 4. divisjon. Same år stod Årdal nesten for ein sensasjon i Rogalandscupen, turneringa der nivåforskjellen mellom laga blir forsøkt utjamna ved at det svakaste laget får så mange straffespark før kampen som det er divisjonar mellom laga. Etter 4-2 over 2. divisjonslaget Vidar i kvartfinalen tok Årdal imot eliteserielaget Bryne på Årdal stadion den 10. oktober. Dei færraste av dei 300 tilskodarane var optimistar etter at Årdal berre skårte på to av fem straffespark før kampen, men ved pause stod det framleis 2-0. Bryne greidde å utlikna i 2. omgang, og sidan det begynte å bli mørkt og banen i Årdal ikkje hadde flomlys, gjekk ein rett på straffesparkkonkurranse. Den vann Bryne og unngjekk skammen med ei hårsbreidd.

I 2001 spelte Årdal IL for fyrste gong på nivå 5 i seriesystemet. Det gjekk bra, men enda likevel dårleg. Årdal låg på 4. plass før siste serierunde, men greidde ikkje å stilla lag i siste kamp. Dermed blei laget diskvalifisert og rykka ned i 5. divisjon. Laget rykka opp igjen i 2003, men i 2004 blei det suveren sisteplass med 18 tap og 27-113 på 22 kampar.

SISTE VERS
2005-sesongen enda med ny sisteplass, no i 5. divisjon. I siste serierunde blei det tap 2-3 for Tasta på heimebane, og dette blei den siste kampen til A-laget i Årdal IL . Etter sesongen overtok Hjelmeland IL lisensen til Årdal, og 70 års fotballhistorie i sandbygda var over. Sluttfasiten blei eitt kretsmeisterskap på nivå 7, ein semifinale i Rogalandscupen, åtte Hjelmelandsmeisterskap og 23 sesongar i seriesystemet, tre av dei på nivå 5.

Årdal Idrettslag levde vidare med andre aktivitetar fram til det blei nedlagd i 2019.



Viking e' go'e, men Årdal e' ligavel best!
Viking får månge, men Årdal får ligavel flest!
Og me e' det besta laget -
derfor vinne Årdal mest!

---

Kjelder:
Brandal, Trygve (1992): Hjelmeland. Bygdesoge. Bind 2.
Brustad, Arne (1953): Aktive fotballspillere. Bind 2.
Eikeland, Sigurd (1971): Årdal. Band 1.
Hetland, Morten (2010): Hjelmeland Idrettslag. Sport og idrettsglede i 100 år.
Privatarkiv
Stavanger Aftenblad
Strandbuen

Verset på slutten er ein del av ein gammal heiasong - gjengitt etter hugsen.



(c) Kjell H. Ullestad, 2021